Landbruk og mat

Den viktigaste samfunnsoppgåva til norsk landbruk er å sikre nok trygg og variert mat av god kvalitet. Men landbruket medverkar òg til desentralisert busetjing og næringsliv over heile landet, miljøgode som bevaring av biologisk mangfald, kulturlandskap og dei karbonlagra som skogen og jorda utgjer. Landbruket speler òg ei viktig rolle for å vidareføre tradisjonell kunnskap og kultur.

Det er eit politisk mål å halde oppe eit levande landbruk i heile landet. Fylkesmannen skal medverke til å gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Fylkesmannen skal blant anna

  • gi råd og assistanse til kommunane
  • kontrollere kommunane
  • behandle klager på kommunale vedtak innanfor landbrukslovgivinga
  • arbeide saman med andre regionale etatar og organisasjonar for næringsutvikling innanfor jordbruk og skogbruk
  • arbeide for å nå nasjonale målsetjingar for omlegging til økologisk landbruk
  • arbeide for å avgrense nedbygging av dyrka og dyrkbar jord og skog

Fylkesmannen rettleier også kommunar, organisasjonar, næringsaktørar og bønder om moglegheitene som finst i det offentlege systemet. Fylkesmannen støttar opp under aktivitetar knytte til utvikling og bevaring av regionale matkulturar, kunnskapsoppbygging om mat og kunnskap om mat og helse, spesielt retta mot barn og unge.

Andre viktige offentlege aktørar innan landbruk er:

Vis meir

Landbruket i Sogn og Fjordane er prega av grasbasert husdyrhald med mjølkekyr, sau og geit. Om lag 7 prosent av mjølka, 9 prosent av lammekjøtet og 15 prosent av geitemjølka i landet blir produsert her i fylket.

Hagebruket har dei siste åra satsa meir på morellar og bringebær der dei produserer 70 prosent av bringebæra og 35 prosent av morellane.

Skogbruket i fylket har dei siste åra hatt ein årleg hogst på om lag 50 000 m3, men det kan auke jamt framover etter kvart som granskogen, som vart planta for 60 år sidan, vert hogstmoden.

Mange av gardsbruka er deltidsbruk der eigarane har inntekter utanom bruket, eller driv anna næring enn tradisjonelt landbruk.


15.08.2018

Tørke og erstatning for avlingssvikt

Vårfrost har gitt skade i ein del bringebærfelt. Ein tørr sommar gav lågare grovfôravlingar, men det er store variasjonar mellom ulike område. Betre andre- og tredjeslått kan betre situasjonen for mange. Erstatning vert utbetalt til føretak som har ei avling under 70 prosent av eit normalår.


19.07.2018

Romeplanta årsak til dyredød på beite

Mattilsynet varslar at romeplanten kan vere årsak til at fleire storfe er funne døde på beite. Sjølv om rome er nokså giftig, er den til vanleg ikkje noko problem for beitande husdyr. Tørke har ført til beiting på myrlendte områder med mykje romeplantar som dyra tidlegare har unngått.


11.07.2018

Nedgang i jordbruksareal har stoppa

I 2017 stoppa nedgangen i jordbruksareal etter å ha gått ned i fleire år. Jordbruksarealet i Sogn og Fjordane har minka med 7 prosent sidan 2006, men dei aktive gardsbruka har auka sitt areal med 16 prosent til 151 dekar .


04.07.2018

Kraftig angrep av raud furubarveps

Avnåling av furu i Yndesdalen i Gulen.


28.06.2018

Lærdal er nytt utvalt kulturlandskap i jordbruket

Statsrådane Ola Elvestuen og Jon Georg Dale presenterte i dag ni nye område som blir med på den eksklusive lista Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Blant desse ni finn vi Lærdal, avgrensa til dalbotnen med jordbruksdrift i området mellom Hauge og Borlaug.


15.06.2018

Liten nedgang i stabil mjølkeproduksjon

Mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane er jamt over stabil, men etter vekst i produksjonen i 2016, var produksjonen tilbake att på om lag same nivå som i 2015. I 2017 produserte bøndene 103,9 mill. liter kumjølk mot 106,1 mill. liter i 2016.


11.06.2018

Avlingssvikt - dokumentasjon og erstatning

Ein kald vinter har ein del stadar gjeve vinterskader i bringebær. Tørke har ført til redusert avling på første slåtten. Gje melding til kommunen straks du er klar over skade på grunn av klima. For å kunne få erstatning for avlinga er det naudsynt å dokumentere skadane.


06.06.2018

Endra reglar for tilskot til slått av bratt areal

Faglaga i landbruket og fylkesmannen er samde om å utvida ordninga med tilskot til slått av bratt areal. Tidlegare avgrensing på minst 20% bratt areal av slåttearealet er no tatt vekk, men det er krav om at arealet skal haustast og at graset skal nyttast som fôr.


03.05.2018

Elektroniske bjøller på sju prosent av sauene

Bønder i Sogn og Fjordane har kjøpt over 4700 elektroniske bjøller til sauene sine. I Årdal og Lærdal er det flest sauer med slike bjøller.


17.04.2018

Kulturlandskapspris til trio frå Leikanger

Lars Grinde, Roald Lunde og Jon Erling Oppedal får Kulturlandskapsprisen 2018 for deira arbeid med landbruk og skjøtsel i det nasjonalt utvalde kulturlandskapet Grinde–Engjasete.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel