Nasjonal klimakonferanse

Vi minner om årets nasjonale klimakonferanse i Sogndal, med hovudtema: Den nye klimapolitikken. På konferansen får du høyre mellom andre statssekretær Atle Hamar frå Klima- og miljødepartementet og professor Thomas Hylland Eriksen frå Universitetet i Oslo.  

Konferanseprogram og påmeldingsskjema finn du på konferansenettstaden www.klimaomstilling.no. Endeleg påmeldingsfrist er onsdag 4. april.

  • TYSDAG 24. APRIL (ETTERMIDDAG/KVELD)
    Denne dagen inviterer vi til klimaekskursjon med fagleg og sosialt påfyll. Ekskursjonen vert gjennomført i Sogndal / nærområdet, og vi avsluttar med fellesmiddag og underhaldning.
  • ONSDAG 25. april (HEILE DAGEN)
    Første ordinære konferansedag på Quality Hotel Sogndal. Hovudtema vert klimatilpassing. Alle programpostar før lunsj vil gå i hovudsalen på hotellet, medan vi etter lunsj køyrer to parallellsesjonar. Dagen vert avslutta med fellesmiddag og underhaldning.

Vi håpar å sjå deg på konferansen. Meld deg på, og del gjerne informasjonen vidare til aktuelle personar.

HER FINN DU PROGRAM, PRISAR OG PÅMELDINGSSKJEMA.

Dato:
24. april - 26. april
Stad:
Sogndal (Quality Hotel Sogndal)
Ansvarleg:
Fylkesmannen med samarbeidspartnarar
Målgruppe:
Politikarar, leiarar og tilsette i offentlege verksemder, næringslivet, forskarar, konsulentar og studentar.
Påmeldingsfrist:
04.04.2018 23:59:00

Kontaktpersonar