Kurs i nødnett

Dato:
13. mars 17:00 - 21:00
Stad:
Førde sentralsjukehus
Ansvarleg:
Helse Førde
Målgruppe:
Turnuslegar som skal ha legevakt og legar som ikkje har dette kurset. Turnuslegar og ALIS-legar har prioritet.
Påmeldingsfrist:
05.03.2018 23:00:00

Vi vil sikre at turnuslegane får eit kurs i bruk av nødnett før de byrjar i legevakt. Kurset i nødnett vert halde som kveldskurs 13. mars i samband med kurs i akuttmedisin. Det er også mogleg for legar å ta dette kurset dersom de manglar dette. Dette er eit kurs ein treng for å køyre legevakt.

Dei som skal delta på fire timars radiobrukarkurs, må gjennomføre forkurs i Nakos. Logg inn på Nakos sin nettside og opprett brukarprofil for å få tilgang. Kurset finn ein under fana kurs - nødnett- kurs for brukere av radioterminal – AMK- område Førde. Normal gjennomføringstid er 20 min.

Helse Førde vil sende faktura til kommunane i etterkant av kurset.

Sjå kurs i akuttmedisin her.

Dato:
13. mars 17:00 - 21:00
Stad:
Førde sentralsjukehus
Ansvarleg:
Helse Førde
Målgruppe:
Turnuslegar som skal ha legevakt og legar som ikkje har dette kurset. Turnuslegar og ALIS-legar har prioritet.
Påmeldingsfrist:
05.03.2018 23:00:00