Tilskotsordninga Klimasats vert vidareført

Klima- og miljødepartementet gjer framlegg å vidareføre ordninga med ei løyving på nærare 107 millionar kroner i 2018.

Tilskotsordninga for kommunale klimatiltak, "Klimasats", vart oppretta og gjennomført av Miljødirektoratet frå 2016. I 2017 vart det tildelt 150 millionar kroner. Sju ulike prosjekt i Sogn og Fjordane fekk til saman 1 335 000 klimasatskroner i 2017.