Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2018

Kommunar med høge utgifter til særleg ressurskrevjande brukarar, høgare sats for arbeidsgjevaravgift, særlege utgifter knytt til å vere vekstsenter, språkdeling (nynorsk/bokmål) og svak økonomi og er prioritert i skjønnsfordelinga.

Nasjonalt er basisramma for skjønnsmidlar til kommunane redusert med 91 mill. kroner frå 2017. Sogn og Fjordane har fått redusert ramma med 6,5 mill. kroner, til 55,8 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 10 %. I 2016 var skjønnsramma til fylket 73,3 mill. kroner, slik at reduksjonen over to år er 17,5 mill. kroner. Les meir om dette i vedlagte brev.