Delte meiningar om kommunetilhøyrsle for Markane

Innbyggjarundersøkinga gir ikkje klart svar på kva kommune dei spurte ynskjer å høyre til i framtida. Undersøkinga viser likevel at dei ulike bygdene har klåre oppfatningar. 92 % i Aasen, Maurset, Øyane og Øyebakken vil høyre til Stryn, medan 62% for dei andre områda i krinsen vil vere i nye Volda kommune.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt Fylkesmannen i oppdrag å greie ut om det er grunnlag for grensejustering for området Markane (Kjøs grunnkrins) i Hornindal kommune. I samband med dette har Opinion på oppdrag av Fylkesmannen gjennomført ei innbyggjarundersøking på telefon for å få fram innbyggarane si tilknyting til kommunane Hornindal og Stryn.

66 personar av dei som vart oppringte svarte, og dette gir ein svarprosent på 87. Dei som har svart er rimeleg representative for befolkninga i området ut frå aldersfordeling og kjønn.

Fleirtalet meiner at Kjøs grunnkrins bør tilhøyre den samanslegne kommunen mellom Hornindal og Volda, nye Volda kommune. Undersøkinga gjev likevel ikkje klart svar på kva kommune innbyggarane i Kjøs grunnkrins meiner dei bør tilhøyre. Sjølv om 52 % svarar Hornindal mot 45 % som svarar Stryn, er denne forskjellen innanfor feilmarginane. Det er med andre ord ikkje noko signifikant forskjell mellom kva kommune innbyggarane føretrekker å høyre til. Men det er større skilje mellom bygdene. Heile 92 % av dei som har svart i området Aasen, Maurset, Øyane og Øyebakken, meiner at Kjøs grunnkrins bør høyre til Stryn kommune. I dei andre områda i krinsen er det 62 % som meiner nye Volda kommune.

Elles viser undersøkinga at 24 % jobbar i Hornindal kommune, medan nokre fleire, 33 %, pendlar til Stryn. Det er relativt stor handel til Stryn mellom dei som bur i Kjøs krins, to av tre handlar minst ein gong i veka i Stryn. Naturleg nok nyttar dei fleste vanlegvis kommunale tenester i heimkommunen, 14 % svarar at dei brukar kommunale tenester i Stryn. Bruk av kultur- og fritidstilbod er nesten jamt fordelt mellom kommunane,  53 % brukar vanlegvis kultur- og fritidstilbod i Hornindal, mot 47 % i Stryn.

Arbeidet vidare med saka er at kommunane Hornindal og Stryn er bedne om å kome med faktagrunnlag til ein førebels rapport, som Fylkesmannen sender til kommunane for uttale.

Fylkesmannen tek sikte på å sende tilråding til departementet i midten av desember. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som tek avgjerd i saka.