Kommunereforma

Regjeringa vil styrkje lokaldemokratiet og gjennomfører ei kommunereform. Målet er større, meir robuste kommunar med meir makt og mynde. Alle landets kommunar er inviterte til å delta i prosessar med sikte på å vurdere og å avklare om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. Fylkesmannen, i samarbeid med KS, bidreg til å gjennomføre dei regionale prosessane.

Kommunereforma skal leggje til rette for at fleire kommunar slår seg saman. Færre og større kommunar skal gi betre kapasitet til å ivareta og vidareutvikle lovpålagde oppgåver, gi betre høve til å utvikle berekraftige og gode lokalsamfunn, og dessutan ivareta viktige frivillige oppgåver. Som eit generelt prinsipp skal reforma leggje grunnlaget for at alle kommunar kan løyse dei lovpålagde oppgåvene sine sjølve.

Regjeringa har desse måla for reforma:

  • Gode og likeverdige tenester til innbyggarane
  • Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling
  • Berekraftige og økonomisk robuste kommunar
  • Styrkt lokaldemokrati

Proposisjon om ny kommunestruktur vart vedteken av Stortinget 8. juni 2017.

Vis meir

På denne sida finn du relevante dokument og lenkjer og oppdatert informasjon om kommunereforma.




16.02.2018

Samanslåing av politiske parti

Nesten 1 av 3 partiledd skal ta del i ei samanslåing frå 1.1.2020. Fylkesmannen skal informere og rettleie i denne prosessen, og nokre grep kan gjere den enklare for alle partar.


08.01.2018

Innbyggjarundersøking i Nessane

Undersøkinga viser at eit fleirtal på 98 prosent er positive til å bli ein del av Høyanger kommune. 92 prosent er negative til å bli ein del av nye Sogndal kommune. Svarprosenten ligg på 58.


19.12.2017

Fylkesmannen tilrår flytting av Kjøs krins

Vi tilrår grensejustering slik at Kjøs krins blir flytta til Stryn kommune. Tilrådinga inkluderer ei justering i området Klypet – Hildehjellen. Dersom grensa blir flytta vil dette utgjere den nye fylkesgrensa mot Møre og Romsdal.


17.11.2017

Fylkesmannen tilrår grensejustering for Bryggja

Fylkesmannen tilrår grensejustering slik at Bryggja blir flytta til nye Stad kommune. Det er lagt vekt på at ei grensejustering vil lage ein funksjonell og samanhengande Stad kommune og at det vil vere i tråd med den klare folkevilja hjå innbyggjarane.


18.09.2017

Delte meiningar om kommunetilhøyrsle for Markane

Innbyggjarundersøkinga gir ikkje klart svar på kva kommune dei spurte ynskjer å høyre til i framtida. Undersøkinga viser likevel at dei ulike bygdene har klåre oppfatningar. 92 % i Aasen, Maurset, Øyane og Øyebakken vil høyre til Stryn, medan 62% for dei andre områda i krinsen vil vere i nye Volda kommune.


25.08.2017

Utgreiing av kystkommune i området Flora, Bremanger og Vågsøy og grensejustering i området Bryggja

Telemarksforsking har gjennomført ei utgreiing av ein kystkommune i området Flora, Bremanger og Vågsøy. I tillegg omfattar utgreiinga ei vurdering av konsekvensane knytt til ei mogleg grensejustering for området Bryggja i Vågsøy kommune, om dette skal bli ein del av nye Stad kommune.


18.08.2017

Eit klart fleirtal av innbyggarane på Bryggja er positive til å bli ein del av Stad kommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt Fylkesmannen i oppdrag å greie ut om det er grunnlag for grensejustering for området Bryggja i Vågsøy kommune. I samband med dette har Telemarksforsking gjennomført ei innbyggjarundersøking på telefon for å få fram innbyggjarane si tilknyting til kommunane i området.


23.06.2017

Markering av nye kommunar

Denne veka var det felles kommunestyremøte på Skei, Nordfjordeid og i Balestrand for kommunar som skal slå seg saman frå 2020.


31.05.2017

Lovlegkontroll for delt kommunesenter i Kinn

Flora bystyres vedtak om å godta delt kommunesenterfunksjon mellom Måløy og Florø, er lovleg.


20.04.2017

Fylkesmannen tilrår samanslåing av Flora, Bremanger og Vågsøy

Med grunnlag i ei fagleg vurdering etter måla for kommunereforma, kriteria for ein god kommunestruktur og lokale prosessar tilrår vi samanslåing av kommunane Flora, Bremanger og Vågsøy frå 2020.


Fleire nyhende