Oppsummering frå økonominettverksamlinga 2018

Tema for samlinga var mellom anna økonomi og gjeldsforvaltning, ny Kostra-portal, ny kommunelov og reformer.

Samlinga vart opna ved at ordførar i Leikanger presenterte bygda, og fortalte om alle dei offentlege arbeidsplassane. Difi er ei godt døme på dette og ga ei god innføring i deira oppgåver. Vi fekk ein presentasjon av ny Kostra-portal frå SSB, og lån, rente og verktøy for porteføljeoversikt frå Kommunalbanken. Stresstest som ein del av finansrapporteringa vart gjennomgått av Ingvar Linde. Ny kommunelov og endringar i økonomiforvaltninga avslutta dagen.

På dag to vart det presentert økonomiske nøkkeltal og status etter 2017, RNB 2018 og kommuneproposisjonen for 2019. Resten av dagen vart via til reformer, med innlegg frå Eid/Selje og Hyllestad, status på Fylkesmannsreforma, Kommunereforma og regionreforma.

Vi takkar alle innleiarar for gode bidrag, og alle deltakarar som i ei travel tid prioriterte å delta på nettverksamlinga.

Nedanfor finn du alle presentasjonane frå samlinga

Presentasjon av «byråkratbygdi» - Jon Håkon Odd

Nasjonale fellesløysingar for offentleg sektor, Difi – Torgeir Strypet

Ny Kostra-portal og folketalsframskrivingar – Anni Fretheim SSB

Lån, rente og porteføljeoversikt - Lars Ludvigsen, Kommunalbanken

Finansrapportering med stresstest – Ingvar Linde, Høyanger

KBN Finans Rapport – Ingvar Linde, Høyanger

Økonomiforvaltning i ny kommunelov – Kåre Træen FM

Status etter 2017, RNB 2018 og kommuneproposisjon 2019 – Marit Lunde FM

Stad kommune, frå ein til to – Ole Starheim, Eid

Hyllestad, fortsatt ein – Silje E Sture, Hyllestad

Status fylkesmannsreforma – Jorunn Felde FM

Kommunereforma nasjonalt og i det nye Vestland – Kåre Træen FM

Sunnfjord kommune – Anette Sollied, Førde og Jølster

Regionreforma – Ole. I. Gjerald FK

Kontaktpersonar