Ulovleg lukking av politikarseminar i Lærdal

Lærdal kommune heldt 28. oktober eit lukka seminar for formannskapet, med informasjon om sentrale problemstillingar og utfordringar som kommunen står overfor. Slike orienteringar vert rekna som ein del av sakshandsaminga, og skal etter kommunelova skje for opne dører.

Fylkesmannen vart gjennom media kjent med at Lærdal kommune 28. oktober gjennomførte eit lukka seminar for formannskapet. Det var Sogn Avis som først omtalte saka i ein artikkel 1. november. Fylkesmannen har teke saka opp til lovlegkontroll på eige initiativ, etter reglane i kommunelova § 59.

Utanom formannskapet deltok rådmannen og kommunalsjefane på seminaret. Seminaret vart gjennomført ved at kommunalsjefane orienterte og gav formannskapet overblikk over stoda på respektive områda, i lys av overordna og lokale økonomiske rammer. Det vart ikkje gjennomført forhandlingar, drøftingar eller gjort vedtak under samlinga. I staden var det dei informasjons- og opplæringsmessige forholda som stod i fokus. Formålet med samlinga var ifølgje kommunen å kaste lys over sentrale spørsmål innanfor ei sosial ramme, som grunnlag for komande handtering i dei politiske møta.

Fylkesmannen har konkludert med at lukka seminar av denne typen ikkje er lovlege. Utgangspunktet i kommunelova er at sakshandsaminga i folkevalde organ skal skje i formelle møte, med innkalling, sakliste og protokoll, og at møta skal gå for opne dører. For budsjettprosessar er det særleg viktig at kommunane praktiserer desse reglane rett, fordi kommunebudsjettet er eit viktig dokument for prioriteringane i kommunen. Innbyggjarane skal derfor kunne følgje denne prosessen. Dette gjeld både for kva dei ulike kommunepolitikarane meiner, og kva premissar, rammer og grunnlag som ligg til grunn for desse standpunkta.

Seminaret den 28. oktober kan ikkje seiast å berre vere informasjon eller opplæring, slik kommunen har lagt til grunn. Dei orienteringane som vart gjevne frå administrasjonen til politikarane, er direkte eller indirekte knytt til saker som formannskapet seinare skal handsame i opne møte. Opplysingane skal også tene som grunnlag for dei prosessane kommunepolitikarane står føre, mellom anna i budsjettførebuinga og innstilling til kommunestyret. Fylkesmannen har derfor konkludert med at seminaret må reknast som ein del av avgjerdsprosessane i kommunen, og såleis må haldast for opne dører, med mindre det er særskilt lovheimel for lukking.

Sidan det lukka seminaret var ulovleg, har Fylkesmannen bedt kommunen vurdere om ikkje informasjonen frå møtet bør offentleggjerast. Fylkesmannen forventar elles at kommunen tek utfalet av lovlegkontrollen til etterretning, og endrar praksis for framtida.