Utlysing av fornyingsmidlar for 2017

Fylkesmannen har sett av 3,4 mill. kroner av skjønnsmidlane for 2017 til fornying og innovasjon i offentleg sektor.

I tillegg er det disponibelt ca. 500 000 kroner som tilbakeførte midlar frå tidlegare prosjekt som ikkje vart gjennomførte. Samla sum til disposisjon er derfor 3,9 mill. kroner.

Det vert ei utlysing av fornyingsmidlar i 2017 og søknadsfristen for kommunane er sett til 1. mars.

Fylkesmannen har fastsett føringar og fordeler midlane i samråd med KS.

Prosjekt som ligg innafor eitt eller fleire av desse områda vil bli prioriterte:

1. Kommunale tenester til
                - Asylsøkjarar og busetjing og integrering av flyktningar
                - Helse og omsorg, til dømes velferdsteknologi og nye krav innanfor rus eller psykiatri
                - Barnevern, interkommunalt samarbeid om akuttberedskap
2. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald
3. Samfunnsutvikling og lokaldemokrati, til dømes på desse områda:
                 - Planarbeid, mellom anna med vekt på folkehelse
                 - Rekruttering
                 - Klima og det grøne skiftet
4. Tverrfagleg samarbeid mellom tenester for barn og unge

Her finn du brev til kommunane med nærare orientering om fornying og innovasjon i offentleg sektor for 2017.

Den nye databasen - Prosjektskjønn - skal nyttast til fornyings- og innovasjonsprosjekt. Søknader skal sendast inn via denne løysinga, og rapportering på prosjekta skal også gjerast her. Du finn meir informasjon om dette i brevet. Lenke til portalen finn du  i menyen til høgre.

 

Kontaktpersonar

Lenkjer