Kommunal styring

Fylkesmannen skal kontrollere og rettleie kommunane om rettsreglar som gjeld kommunale organ. Dette gjeld både generelle og spesifikke juridiske problemstillingar og spørsmål knytte til økonomireglane. Fylkesmannen skal dessutan formidle signal frå departementa til kommunane. 


16.11.2018

Kommunegjelda – «det er nok nå!»

– Det har alltid vore slik at god økonomisk planlegging over tid løner seg, medan det er krevjande å rydde opp i raude rekneskapstal etter feilslått planlegging, skriv seniorrådgjevar Kåre Træen på Fylkesmannsbloggen. Her kan du lese heile innlegget hans om kommunegjelda i fylket.


08.10.2018

Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2019

Kommunar med høge utgifter til særleg ressurskrevjande brukarar, høgare sats for arbeidsgjevaravgift, språkdeling (nynorsk/bokmål) og svak økonomi er prioritert i skjønnsfordelinga.


11.07.2018

Naustdal kommune er ute av Robek

Naustdal kommune er meldt ut av Robek etter at kommunestyret har handsama og vedteke årsrekneskapen for 2017.


13.06.2018

Oppsummering frå økonominettverksamlinga 2018

Tema for samlinga var mellom anna økonomi og gjeldsforvaltning, ny Kostra-portal, ny kommunelov og reformer.


28.05.2018

Oppsummering frå Kommunekonferansen 2018

Årets kommunekonferanse er over, og vi takkar alle innleiarar for deltaking og gode bidrag. Takk også til alle som i ei travel tid prioriterte å delta på konferansen.


23.05.2018

Kommuneøkonomien – tilbakeblikk og framover i tid

I høve den siste kommunekonferansen i dagens Sogn og Fjordane, ser seniorrådgjevar Kåre Træen nærare på både fortida og framtida til kommuneøkonomien i fylket.


23.05.2018

Revidert nasjonalbudsjett 2018 og kommuneproposisjonen 2019

Med bakgrunn i proposisjonen har vi laga eit samandrag over dei viktigaste økonomiske momenta i kommuneopplegget for 2018 og 2019.


04.04.2018

Ikkje godkjent budsjett og økonomiplan i Bremanger

Bremanger kommunestyre sitt vedtak om budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 er ikkje godkjent som følgje av manglande inndekning av akkumulert underskot etter kommunelova.


16.02.2018

Samanslåing av politiske parti

Nesten 1 av 3 partiledd skal ta del i ei samanslåing frå 1.1.2020. Fylkesmannen skal informere og rettleie i denne prosessen, og nokre grep kan gjere den enklare for alle partar.


08.01.2018

Innbyggjarundersøking i Nessane

Undersøkinga viser at eit fleirtal på 98 prosent er positive til å bli ein del av Høyanger kommune. 92 prosent er negative til å bli ein del av nye Sogndal kommune. Svarprosenten ligg på 58.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel