Universell utforming

Med universell utforming meiner vi at produkt, bygg og uteområde for allmenta skal utformast på ein slik måte at hovudløysinga kan brukast av flest mogleg. Universell utforming skal gi alle betre høve til likeverdig samfunnsdeltaking. Dette gjeld ikkje berre personar med nedsett funksjonsevne, men også for eksempel familiar med barn i barnevogn og eldre.

Universell utforming er eit uttrykk for ein samfunnsverdi om likestilling og auka tilgjengelegheit, og visjonen er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025.

Universell utforming er forankra i fleire lovverk

Universell utforming er ein strategi som stiller krav til samarbeid og tverrfagleg perspektiv i planlegging, brukarmedverknad, praktisk gjennomføring og evaluering av tiltak. Universell utforming er også forankra og sikra i fleire lover og forskrifter, blant anna diskriminerings- og tilgjengelegheitslova og plan- og bygningslova.

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmannen følgjer opp statlege satsingar ved å medverke til å innarbeide universell utforming i regionale og kommunale planar. Fylkesmannen gir også råd og rettleiing om universell utforming til regionale og kommunale samarbeidspartnarar, og til frivillige lag, organisasjonar og brukargrupper.

Vis meir


10.07.2017

Universell utforming i kommunalt arbeid

Som plan- og bygningsmyndigheit har kommunane eit hovudansvar for å gjere Norge til et universelt utforma samfunn. Omsynet til universell utforming må derfor vere ein integrert del av kommunens ordinære verksemd.


10.07.2017

Universelt utforma møter og konferansar

Her kjem råd og tips til korleis du kan arrangere eit møte, seminar eller ein konferanse som er tilgjengeleg for alle.


07.07.2017

Ressursar for fremjing av eit universelt utforma og inkluderande miljø

Fylkesmannen oppmodar kommunar, organisasjonar og bedrifter til å gjere seg kjent med tilskotsordningar og ressursar for universell utforming.


31.07.2013

Universell utforming i samfunnsplanlegging

Her finn du ei oppsummering av konferansen i Florø 3.-5. juni 2013, der tema var korleis universell utforming kan gjerast til ein del av kommuneplanen.


30.04.2013

Sjumilssteget – Fylkesmannen sitt embetsprosjekt i perioden 2012-2014

29. mai 2012 gjekk startskotet for Fylkesmannen sitt embetsprosjekt «Sjumilssteget», som skal bidra til at kommunane i fylket vert meir medvitne på barn og unge sine oppvekstvilkår.



Kontaktpersonar