Psykisk helse og rus

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar , skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med foresatte som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Fylkesmannen følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Fylkesmannens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Fylkesmannen er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv – dette kan du lese meir om under temaet tvang.

 

Vis meir


26.09.2018

Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Helse Vest og Helse Førde inviterar, i samarbeid med Helsedirektoratet, til konferanse for lansering av pakkeforløp for psykisk helse og rus 23. oktober.


17.09.2018

Snakk med sårbare grupper

Haustens NATO-øving har starta og nokre kan oppleve det ubehageleg med synlege soldatar og auka militær trafikk. Helsedirektoratet tilrår foreldre eller representantar for kommunane å snakke med barn og menneske som har opplevd krig og traume tidlegare.


15.06.2018

Manglande vurdering av valdsrisiko for alvorleg psykisk sjuk person

Vi har behandla ei klage frå ein person som har vore utsett for trugsmål og vald frå ein pasient i psykisk helsevern. Vi har konkludert med at Helse Førde ikkje ga pasienten forsvarleg behandling.


06.06.2018

Jobbstøtte

Jobbstøtte er eit vellukka samarbeid mellom Helse Førde og Nav. Samarbeidet går ut på å hjelpe personar med alvorleg psykiske lidingar eller rusproblem til å få og behalde ordinært lønna arbeid.


10.01.2018

Fleire årsverk i psykisk helse- og rusarbeid

Rapport frå SINTEF byggjer på data som vart samla inn våren 2017 om årsverk, kompetanse og innhald i psykisk helse- og rusarbeid i kommunane.


04.10.2017

Nullvisjon for bustadløyse?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Hordaland, Husbanken og Helse Vest inviterer til konferanse den 17.01.2018.


04.09.2017

Psykisk sjuke får no bestemme meir

Frå 1. september er krava til grunngjeving av vedtak om tvangsmedisinering skjerpa.


29.05.2017

Rapport frå tilsyn i Helse Førde

Det vart ikkje avdekt forhold i strid med krav i helselovgjevinga etter tilsyn med Helse Førde HF, Psykisk helsevern, Psykiatrisk klinikk DPS Dag 2.- 4. mai 2017.


18.01.2017

Rettleiar for hest og IPT på rusfeltet

Høgskulen i Bergen (no høgskulen på Vestlandet) har utarbeidd ein rettleiar for hesteaktivitetar på Inn på tunet-gardar for rusfeltet. Hest er mykje nytta i terapeutisk arbeid og kan ha stor nytte i arbeid med rus og psykiatri.


04.01.2017

Ny rettleiar om bruk av tvang innan rusfeltet

Helsedirektoratets rettleiar IS-2355 skal bidra til at regleverket på området vert brukt i samsvar med lovgjevars intensjon.


Fleire nyhende