Omsorgstenester

Alle kommunar skal yte tenester til den som ikkje klarer seg sjølv og er avhengig av praktisk eller personleg hjelp til å greie daglege gjeremål, eller har spesielle behov. Årsaka kan vere sjukdom, funksjonshemming, alder eller anna.

Styresmaktene har vedteke “Omsorgsplanen 2015”, som tek for seg langsiktige strategiar og tiltak for å sikre gode og offentlege tenester for alle eldre og omsorgstrengande. Dei viktigaste satsingsområda er fleire tilsette i omsorgstenestene, meir kunnskap, auka samhandling og medisinsk oppfølging, forsking og kvalitetsutvikling, aktiv omsorg med vekt på kulturelle og sosiale tiltak og partnarskap med familie og lokalsamfunn.

Fylkesmannen skal vere ein pådrivar for at kommunane set omsorgstenester på dagsordenen for å møte utfordringar i framtida.

Det finst fleire typar omsorgshjelp

Hjelp til den enkelte kan bli gitt som råd og rettleiing, heimehjelp, heimesjukepleie, personleg assistanse eller anna praktisk hjelp, støttekontaktar, og avlasting eller lønn til personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsbustad er ikkje omsorgshjelp

Tildeling av omsorgsbustad er ikkje heimla i helse- og omsorgslova, og er altså i utgangspunktet ein ordinær utleigebustad. Kommunen kan yte teneste og hjelp til den som ikkje klarer seg sjølv i ein slik bustad, på lik linje med i ordinære heimar.

Du kan klage på omsorgshjelp

Du kan klage dersom du meiner du ikkje får dei omsorgstenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i kommunens vurdering av behovet ditt. For at den som har gjort vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga til kommunen. Dersom klaga ikkje når fram, vil ho bli send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir


18.10.2017

Nullvisjon for bustadløyse?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Hordaland, Husbanken og Helse Vest inviterer til konferanse den 17.01.2018.


03.10.2017

Endringar i helse- og omsorgstenestelova

Helse- og omsorgstenestelova er endra med verknad frå 1. oktober 2017. Regelendringane gjeld kommunens plikt til å yte hjelp til pårørande med særleg tyngande omsorgsarbeid.


03.10.2017

Fagseminar i palliasjon

Palliasjonsprosjektet i Nordfjord inviterer til fagseminar 9. november der ivaretaking av den palliative pasienten og pårørande med bruk av palliativ plan og palliativ handbok er tema.


07.09.2017

Fagdag om dagtilbod for demente

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inviterer til fagdag om tilrettelagte dagtilbod for demente.


24.08.2017

Meir velferdsteknologi i Sogn og Fjordane

Velferdsteknologi kan føre til tryggare og betre tenester for pasientar, brukarar og deira pårørande.


06.04.2017

Tilskot til fagutvikling - Demensplan 2020

Kommunar kan søke tilskot til eit modellutviklingsprogram der ein gjennom tenesteinnovasjon utviklar og prøver ut modellar for organisering av heimetenester til personar med demens. Søknadsfrist er 29.05.2017.


31.03.2017

Ny sakshandsamingsrettleiar om tildeling av helse- og omsorgstenester

Helsedirektoratet har utarbeidd ny rettleiar for sakshandsaming av søknader om helse- og omsorgstenester. Direktoratet har i tillegg laga e-læringskurset «Saksbehandlerveilederen 1-2-3».


21.02.2017

Førebyggjande heimebesøk til eldre

Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiarar om korleis kommunen kan etablere og gjennomføre førebyggjande heimebesøk til eldre.


17.02.2017

Må ein bu i kommunen for å søkje om langtidsplass på sjukeheim?

Fylkesmannen har fått dette spørsmålet frå kommunane i samband med det pågåande arbeidet med å forskriftsfeste tildelingskriterium for langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad.


16.01.2017

Ny rettleiar om pårørandeinvolvering og støtte

Den nye rettleiaren om pårørande i helse- og omsorgstenesta omtalar rettigheitene til pårørande, pliktane til helse- og omsorgstenesta og gir anbefalingar om god praksis. Det er også lenkar til praktiske og nyttige verktøy, metoder og publikasjonar hos andre aktørar.


Fleire nyhende


Kontaktpersonar

Aktuelt

Saksbehandlingstid

Rettighetsklager inntil 3 mnd.

Tilsynssaker inntil 5 mnd.