Tilsyn med økonomisk stønad til barnefamiliar

Flora kommune har ikkje sikra at søknader om økonomisk stønad frå barnefamiliar blir individuelt vurdert.

Kommunane har ansvar for å yte økonomisk stønad til dei som har rett til dette. Tenesta er lagt til Nav-kontora.

Fylkesmannen har vurdert styringssystemet i Flora kommune opp mot stikkprøver av vedtak om økonomisk stønad til barnefamiliar gjort i perioden 01.01.2017 – 06.09.2017. Kontrollen avdekka at styringa ikkje sikrar at søknadane frå barnefamiliar blir individuelt vurdert slik lova krev. Vi har dermed konkludert med at søknader om økonomisk stønad frå barnefamiliar ikkje blir handsama forsvarleg i Flora kommune. Fylkesmannen har pålagt kommunen å lage ein plan for å rette forholda, og vi følgjer opp kommunen i deira betringsarbeid.