Økonomisk sosialhjelp

Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting, og meininga er at den som søkjer hjelp, skal bli i stand til å hjelpe seg sjølv etter kvart. Søknader om sosialhjelp skal sendast til Nav-kontoret i kommunen.

Dersom du søkjer om sosialhjelp, må du først ha utnytta moglegheitene dine til å sørgje for deg sjølv, eller du må ha utnytta dei økonomiske rettane dine, for eksempel trygderettane. Hovudansvaret for sosialtenesta ligg i kommunane, og det er Nav-kontora som tek hand om kommunens oppgåver på dette området. Det finst rettleiande retningslinjer for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men kommunane har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.

Fylkesmannens oppgåver

Dersom du søkjer om sosialhjelp og får avslag frå Nav, kan du klage på vedtaket. Du sender då klaga til Nav, som sender henne vidare til Fylkesmannen.

Fylkesmannen har eit tilsynsansvar som inneber rett og plikt til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene sine etter kapittel 4 i lov om sosiale tenester i Nav. Kapittel 4 regulerer dei individuelle tenestene i lova, blant anna økonomisk stønad.

Gjeldsrådgiving

Kommunen skal tilby innbyggjarane sine økonomisk rådgiving eller gjeldsrådgiving. Denne rådgivingstenesta er ofte lagd til det lokale Nav-kontoret, og tenesta blir gitt i tråd med lov om sosiale tenester. Fylkesmannens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar blant anna å gi opplærings- og kurstilbod til kommunens tilsette.

Vis meir


11.09.2018

Fritidserklæringa

Fritidserklæringa har som mål at alle barn, uavhengig av foreldras sosiale og økonomiske situasjon, skal ha moglegheit til å delta i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre barn.


27.08.2018

Overføring av saker ved ugildskap

Arbeids- og sosialdepartementet har delegert til Fylkesmannen å bestemme om ei sak etter sosialtenestelova skal overførast til ein annan kommune, jf. forvaltningslova § 9 andre ledd.


16.05.2018

Nettverksamlingar om økonomisk rådgjeving hausten 2018

Nav-tilsette i Sogn og Fjordane som arbeider med økonomisk rådgjeving er velkomne til å delta på nettverksamlingar med kollegaer i Hordaland.


12.03.2018

Endringar i sosialtenestelova og rundskrivet

I februar vart det gjort endringar i sosialtenestelova og presiseringar i rundskriv «Hovednr 35 – Sosialtenestelova».


08.03.2018

Sosiale tenester 2018

Kvart år informerer Arbeids- og velferdsdirektoratet kommunane om nasjonale mål, hovudprioriteringar og utviklingstrekk for dei sosiale tenestene i Nav.


19.02.2018

Ny rettleiar om EØS-borgarar

Når ein EØS-borgar søkjer om tenester etter sosialtenestelova skal Nav-kontoret frå 02.02.2018 vurdere om borgaren har lovleg opphald i Norge.


09.01.2018

Rettleiande satsar for økonomisk stønad for 2018

Arbeids- og sosialdepartementet har prisjustert satsane i statens rettleiande retningsliner for økonomisk stønad.


27.11.2017

Nav-rettleiar i vidaregåande skule

Frå hausten 2015 har det vore Nav-rettleiarar på plass i vidaregåande skular i alle fylke. Målgruppa for forsøket er elevar som står i fare for å falle ut av vidaregåande skule og målet med forsøket er å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring.


14.11.2017

Tilsyn med økonomisk stønad til barnefamiliar

Flora kommune har ikkje sikra at søknader om økonomisk stønad frå barnefamiliar blir individuelt vurdert.


31.10.2017

Tolking av sosialtenestelova

Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjort avklaringar, uttalar og presiseringar til rundskriv 35 om sosialtenestelova.


Fleire nyhende


Kontaktpersonar

Aktuelt

Saksbehandlingstid

Rettighetsklager inntil 3 mnd.

Tilsynsklager inntil 5 mnd.