Pasientar med blodforgifting venta lenge på antibiotika

Statens helsetilsyn har oppsummert det landsomfattande tilsynet med blodforgifting (sepsis). Alle sjukehusa hadde pasientar med alvorleg sepsis og organsvikt som måtte vente uforsvarleg lenge før dei fekk forsvarleg behandling.

Tilsynet

Fylkesmennene har hatt tilsyn med korleis pasientar med sepsis vert tekne imot og behandla i akuttmottak ved 24 sjukehus. Tilsyna vart gjennomført i 2016-2018. I Helse Vest deltok Stavanger Universitetssjukehus, Haugesund sjukehus, Haukeland Universitetssjukehus og Førde sentralsjukehus og tilsyna vart gjennomført våren 2016. Alle sjukehusa hadde pasientar med alvorleg sepsis med organsvikt som ikkje fekk forsvarleg behandling. Sjukehusleiinga hadde ikkje oversikt og styring med forløpet til denne pasientgruppa. 

Pasientar med sepsis treng rask behandling

Sepsis kan opptre ved ulike infeksjonar og oppstår som følgje av at bakteriar eller andre mikroorganismar har komme over i blodbana. Ved sepsis spreier mikroorganismane seg i blodet og kan utløyse livstruande funksjonssvikt i vitale organ. Det er derfor særs viktig å starte rett behandling tilstrekkeleg raskt. Sein oppstart av behandling aukar risiko for død.

Sjukehusa har arbeidd godt etter tilsyna våren 2016

For å avdekke årsakene til at fleire pasientar fekk for sein behandling og hindre at dette skjer, har sjukehusa i Helse Vest gjort organisatoriske endringar, styrka fagkompetanse i akuttmottak, endra rutinar og arbeidd med kultur. Ein av suksessfaktorane for å lukkast, har vore god forankring i øvste leiing. Leiinga har følgt med på handlingsplanar, gitt rammer som har gjort det mogeleg å gjennomføre planlagde tiltak og har etterspurt og følgt med på resultata.

Fylkesmennene vurderer at sjukehusa i Helse Vest har gjort ei godt forbetringsarbeid med sepsisbehandlinga. Ved Førde sentralsjukehus held forbetringsarbeidet fram til ønska resultat er oppnådd for alle pasientar.  

Kontaktpersonar