LIS1 og turnusteneste for fysioterapeutar

Turnusteneste inneber at fysioterapeutar gjennomfører ei pålagd praksistid etter avslutta utdanning. For legar er det komme eit nytt utdanningsløp som erstattar den gamle turnusordninga.

I 2017 starta avviklinga av den norske turnustenesta for legar, og samstundes begynte overgangen til ei heilt ny spesialistutdanning. Den nye spesialistutdanninga er tredelt. Lege i spesialisering del 1 (LIS1) er den første delen av spesialiseringsløpet, og er felles for alle legar. LIS1 erstattar i praksis turnustenesta for legar. LIS1 blir etterfølgt av LIS2 og LIS3. Sistnemnde er spesialiseringa til dei ulike legespesialistane.

LIS1 omfattar, til liks med turnusteneste, tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta. Legar som var tilsette eller hadde fått tilbod om turnusstilling før 1. mars 2017 er dei siste som gjennomfører turnusteneste etter gammal ordning. Dei har høve til å gjennomføre og få godkjent turnus etter den gamle ordninga fram til 1. mars 2019.

Ledige LIS1-stillingar blir lyste ut vår og haust via stillingsportalen til Helsedirektoratet.

Turnusplassar for fysioterapeutar

Personar som har avslutta bachelorutdanning i fysioterapi, må gjennomføre eitt års fastlagt praktisk teneste (turnusteneste) for å få autorisasjon som fysioterapeut. Fylkesmannen i kvart enkelt fylke godkjenner turnusplassar for fysioterapeutar på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Fylkesmannen i Troms, Hordaland og Oslo og Akershus har hovudansvaret for å skaffe nok turnusplassar i sin region (Nord-Noreg, Vestlandet og Austlandet). 

Kurs hos Fylkesmannen

Fylkesmannen tilbyr grupperettleiing og kurs for legar i spesialisering og turnusfysioterapeutar.

Vi tilbyr:

  • Kurs i offentleg helsearbeid
  • Kurs i legevaktsmedisin for legar i spesialisering, del 1 (LIS1)
  • Grupperettleiing av LIS1-legar i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar som skal ha ansvar for LIS1-legar i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar for turnusfysioterapeutar

Fylkesmannen refunderer reiseutgifter du har hatt i samband med kurs og rettleiing. 

Vis meir

Dersom du har spørsmål om turnustenesta i Sogn og Fjordane, kan du rette dei hit:

  • Turnusfysioterapeutar kan kontakte Kristin Skogli.
  • Turnuslegar kan kontakte Linda Svori.

Telefon og e-post finn du i høgremargen/nederst.

Har du spørsmål om autorisasjon og lisens, må du kontakte Helsedirektoratet.


29.06.2018

Kurs for LIS 1 og turnuslegar hausten 2018

Startar du som LIS 1 eller turnuslege i kommunehelsetenesta 1. september 2018? Her er oversikt over kurs for deg som skal ha LIS 1/turnus i Sogn og Fjordane. 


12.02.2018

Kurs for turnuslegar våren 2018

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. mars 2018? Her er oversikt over kurs for deg som skal ha turnus i Sogn og Fjordane.


13.06.2017

Kurs for turnuslegar hausten 2017

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. september 2017? Her er oversikt over kurs for deg som skal ha turnus i Sogn og Fjordane.


03.01.2017

Kurs for turnuslegar våren 2017

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. mars 2017? Her er oversikt over kursa for deg som skal ha turnus i Sogn og Fjordane.


21.04.2016

Kurs for turnuslegar hausten 2016

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. september 2016? Her er oversikt over kursa for deg som skal ha turnus i Sogn og Fjordane.


08.01.2016

Kurs for turnuslegar våren 2016

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. mars 2016? Her er ein oversikt over kursa for deg som skal ha turnus i Sogn og Fjordane


11.08.2015

Kurs i offentleg helsearbeid for turnuslegar, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar

Kurs for turnuskandidatar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Kurset vert rekna som obligatorisk. Les meir og meld deg på.


22.01.2013

Ny turnusordning for legar

Den nye turnusordninga for legane vert innført frå 15. februar 2013. Den nye ordninga er søknadsbasert.