Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet skal medverke til at fleire med nedsett arbeids- og inntektsevne og med få eller ingen ytingar frå folketrygda kvalifiserer seg til og kjem ut i arbeid. Dette skal skje gjennom tettare og meir forpliktande bistand og oppfølging frå Nav.

Kven kan delta i programmet?

Målet med kvalifiseringsprogrammet er å styrkje innsatsen overfor personar som er eller kan bli avhengige av sosialstønad over lengre tid. Alle i yrkesaktiv alder som har nedsett arbeids- og inntektsgrense og ingen eller avgrensa ytingar til livsopphald, kan ha rett til å delta i programmet. Programmet skal vere heilårleg og på full tid. Deltaking i eit kvalifiseringsprogram gir rett til kvalifiseringsstønad. Sidan denne stønaden er føreseieleg, gir han mottakaren høve til å planleggje økonomien sin over tid.  

Kvalifiseringsprogrammet er styresmaktene sitt viktigaste verkemiddel i kampen mot fattigdom.

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmannen har fleire oppgåver i samband med kvalifiseringsprogrammet. Fylkesmannen skal blant anna 

  • føre tilsyn med Nav-kontora
  • gi opplæring til tilsette ved Nav-kontora om kvalifiseringsprogrammet
  • sikre forankring i leiinga i kommunane
  • samordne tiltaks- og kompetanseaktivitetar i kvalifiseringsprogrammet mot Nav Fylke
  • gi rettleiing, formidle kunnskap og setje i verk kompetansehevande tiltak for leiinga og tilsette ved Nav-kontora
  • behandle klagesaker

Vis meir


07.05.2018

Nettverkssamlingar for kvalifiseringsprogrammet hausten 2018

Nav-tilsette i Sogn og Fjordane som arbeider med kvalifiseringsprogrammet er velkomne til å delta på nettverksamlingar i Hordaland. Nettverket er for Nav-tilsette som følgjer opp deltakarar i kvalifiseringsprogrammet, og målet med samlingane er å få ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum.


22.04.2015

Tilsyn med Nav har avdekka lovbrot – også i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen har i 2013 og 2014 gjennomført landsdekkande tilsyn med kommunanes arbeid med kvalifiseringsprogrammet. Statens helsetilsyn har oppsummert tilsynet i ein eigen rapport.


06.02.2015

Sosiale teneste i NAV 2015

Kvart år informerer Arbeids- og velferdsdirektoratet kommunane om nasjonale mål, regjeringa sine satsingsområde og tilskotsmidlar innanfor dei sosiale tenestene i NAV.


10.12.2013

Tilsyn med kvalifiseringsprogrammet som tema

Fylkesmannen har i haust gjennomført tilsyn med Bremanger kommune og Vik kommune med kvalifiseringsprorammet som tema. Dei endelege rapportane frå tilsyna er no klare. 


25.06.2013

Kurs i økonomisk rådgjeving

Jobbar du med tildeling av kommunale bustader, oppfølging av personar med rus- og/eller psykiske vanskar, eller frivillig offentleg forvaltning av enkeltpersonars økonomi? 


29.11.2012

Kvalifiseringsprogrammet fungerer

Kommunar med mange deltakarar i kvalifiseringsprogrammet, har færre mottakarar av økonomisk sosialhjelp og andelen langtidsmottakarar går ned.



Kontaktpersonar

Aktuelt

Saksbehandlingstid

Rettighetsklager inntil 3 mnd.

Tilsynsklager inntil 5 mnd.