Krisesenter

Eit krisesenter er ein institusjon som tek imot personar som er utsette for vald i nære relasjonar.

Krisesenterlova

Det er kommunen som skal sørgje for at det finst eit tilbod om krisesenter for alle som treng det. Kommunen skal òg sørgje for at krisesenteret oppfyller krava i krisesenterlova. Formålet med denne lova er å sikre at det finst eit godt tilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald frå nokon som står dei nær.  

  • Eit krisesenter er eit tilbod om ein mellombels stad å bu. Det skal vere gratis, døgnope og tilgjengeleg heile året.
  • Tilbodet skal vere tilrettelagt for kvar enkelt brukar.
  • Krisesenteret og andre offentlege tenester skal vere samordna og gi brukaren heilskapleg oppfølging.
  • Dei som har budd i krisesenter, skal få tilbod om oppfølging etter at dei har flytta ut.  

Krisesenterlova pålegg kommunen å føre internkontroll med at krisesenteret og den verksemda krisesentertilbodet omfattar, er i samsvar med gjeldande regelverk.   

Fylkesmannens ansvar

Fylkesmannen fører tilsyn med at kommunen følgjer opp oppgåvene sine etter føresegnene i krisesenterlova. Fylkesmannens tilsyn rettar seg mot kommunen, ikkje det enkelte krisesenteret.

Vis meir

Krisesenteret i Sogn og Fjordane har tlf. 57 74 36 00.


07.10.2015

Ny rettleiar til krisesenterlova

Etter Lov om kommunale krisesentertilbod har kommunane frå 2010 ansvaret for å sørgje for eit  godt og heilskapleg krisesentertilbod til innbyggjarane sine.


06.05.2013

Oversyn over tilsynsaktivitet på helse- og sosialsektoren i 2012

Det var ikkje funne avvik ved dei planlagde tilsyna med helsetenestene og krisesentertilbodet i 2012. Ved tilsyn med sosiale tenester i NAV og med barneverntenester fann ein avvik.


30.04.2013

Sjumilssteget – Fylkesmannen sitt embetsprosjekt i perioden 2012-2014

29. mai 2012 gjekk startskotet for Fylkesmannen sitt embetsprosjekt «Sjumilssteget», som skal bidra til at kommunane i fylket vert meir medvitne på barn og unge sine oppvekstvilkår.