Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet vil om kort tid lyse ut tilskotsordninga. Det er krav om utfylt stadfesting frå kommunen innan 9. november, for å få behandle søknad for 2019.

101.323 barn i Noreg bur i husstandar med vedvarande låginntekt, og av desse bur 1.633 barn i Sogn og Fjordane (tal frå 2013-2016). Det er fleire kommunar som ligg over landssnittet når det gjeld prosentdel barn som veks opp i vedvarande låginntekt som ikkje søkte om tilskot i 2018. Alle kommunar har fått informasjon om tilskotsordninga frå barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) i e-post 26. oktober.

Målet med Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Ordninga er eit av fleire tiltak i regjeringas strategi som skal bidra til å nå mål om at alle barn, uavhengig av foreldra sin økonomi, skal ha høve til å delta i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre. Tidlegare i haust tok konstituert fylkeslege Jacob Andersen opp dette temaet i eit innlegg på Fylkesmannsbloggen.

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje om tilskot etter denne ordninga.

Kontaktpersonar i Bufdir:

For spørsmål om skjema og søknadsportalen:

For spørsmål om tilskotsordninga, regelverk og annet:

Kommunane skal sende inn stadfesting. Skjemaet «Bekreftelse fra kommunen – Nasjonal tilskuddsordning for inkludering av barn i lavinntektsfamilier», ligg i Bufdirs søknadsportal for tilskot.

Bufdir vil om kort tid lyse ut tilskotsmidlane på tilskotsordningas nettside, her finn du m.a. informasjon om søknadsfrist og regelverk.

Du kan søkje i statistikk på Bufdirs heimeside om barnefattigdom kommunestatistikk, som er eit verktøy for førebygging og kamp mot barnefattigdom.