Kamp mot fattigdom

Det er ei viktig samfunnsoppgåve å jobbe for at Noreg skal vere eit land med små skilnader og minimal fattigdom. Viktige tiltak for å redusere fattigdom er ein skule som utjamnar sosiale skilnader og eit ope arbeidsliv med plass til alle.

Det finst menneske som står utanfor viktige sosiale arenaer på grunn av dårleg økonomi eller dårlege levekår. Regjeringa ønskjer å tette hola i sikkerheitsnettet for grupper som i dag fell igjennom.

Kommunane skal førebyggje sosiale problem og betre levekåra for vanskelegstilte ved å sikre meir likeverdige vilkår for barn som veks opp i fattige familiar. Gjennom tilbod om sosiale tenester, som råd, rettleiing, økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsprogram, skal kommunane arbeide for at den enkelte skal kunne klare seg sjølv.

Fylkesmannen skal bidra til auka kompetanse i kommunane

Sosialtenestelova er samfunnets siste sikkerheitsnett og rettar seg mot dei vanskelegast stilte. Fylkesmannen fører tilsyn med praktiseringa av sosialtenestelova i kommunane. Fylkesmannen skal bidra til å auge kvaliteten på dei sosiale tenestene i kommunane, gjennom tiltak som aukar kompetansen og regelverksetterlevinga. Fylkesmannen skal i sin innsats for å medverke til god forståing for og rett praktisering av sosialtenestelova, mellom anna bidra til at kommunane sikrar god tilgang til tenestene, gjer individuelle vurderingar i kvar enkelt sak og sikrar at barneperspektivet blir ivareteke. Vi driv også klagesaksbehandling.

Tilskot for å redusere fattigdom

I samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar Fylkesmannen tilskotsordningar som skal stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora. Alle kommunar kan søkje om tilskot. Fylkesmannen og Arbeids- og velferdsdirektoratet vel ut kva kommunar som skal få tilskot. Ei viktig målsetjing med ordninga er å bidra til nytenking og utvikling av nye arbeidsmåtar som kan gje mindre fattigdom og hindre at grupper blir ståande utanfor sosiale arenaer.

 

Vis meir


04.10.2017

Nullvisjon for bustadløyse?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Hordaland, Husbanken og Helse Vest inviterer til konferanse den 17.01.2018.


16.02.2017

Bustad for velferd - nasjonal strategi og vegvisar

Den nasjonale strategien, "Bolig for velferd" (2014-2020), skal samle og målrette innsatsen for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Vegvisaren bustad for velferd er eit verktøy for kommunane i det bustadsosiale arbeidet.


15.11.2016

Endring i tilskotsordningane

Regjeringa har i prop. 1 S foreslått at tilskot til fritidsaktivitetar, ferietiltak, utstyrsbankar og andre kompenserande tiltak vert overført og innlemma i den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom under Barne- og likestillingsdepartementet. 


15.11.2016

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom er eit av fleire tiltak i regjeringa sin strategi som skal bidra til å nå målet om at alle barn, uavhengig av foreldra sin økonomi, skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre. 


31.08.2016

Verktøy for førebygging og kamp mot barnefattigdom

Den nye nettressursen barnefattigdom.no er eit viktig verktøy for kommunar, stat og organisasjonar. Målet er å identifisere omfanget av barnefattigdom og nå fram til barna med målretta tiltak.


18.11.2015

Statstilskot til barnefattigdom i 2016

Kommunane kan søkje tilskot for å førebyggje og redusere fattigdom blant barn og unge. Søknadsfrist er 1. februar 2016.


18.11.2015

Statstilskot til bustadsosialt arbeid i 2016

Kommunane kan søkje tilskot for å førebyggje og motarbeide bustadløyse. Søknadsfristen er 1. februar 2016.


02.07.2015

Statstilskot til bustadsosialt arbeid i fire kommunar

Årets bustadsosiale statstilskot finansierer fire stillingar i Sogn og Fjordane. Stillingane skal nyttast til bustadoppfølging ovanfor sosialt vanskelegstilte i fire kommunar.


30.06.2015

Vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving

Kurset rettar seg særleg mot tilsette i Nav som arbeider med økonomisk rådgjeving, men også andre som arbeider med økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving kan delta. Det er stadig behov for å styrkje kompetansen på desse fagområda.


06.02.2015

Sosiale teneste i NAV 2015

Kvart år informerer Arbeids- og velferdsdirektoratet kommunane om nasjonale mål, regjeringa sine satsingsområde og tilskotsmidlar innanfor dei sosiale tenestene i NAV.


Fleire nyhende