Gjennomføringskonferansar for "Leve heile livet"

Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen inviterer administrative og politiske leiarar og tilsette i kommunane, fag og kompetansemiljø, brukarar, pårørande og frivillige mm. til konferansar hausten 2018.

Det vert arrangert fem konferansar rundt om i landet hausten 2018. Konferansen i Bergen vert arrangert 13. november, med påmeldingsfrist 6. november. Dei andre konferansane er lagt til Tromsø, Kristiansand, Trondheim og Oslo.

"Leve Hele Livet" løfter fram 25 gode løysingar og hundrevis av døme på korleis kommunane kan sørgje for god mat og gode måltid, aktivitet og fellesskap, helsehjelp og samanheng i tenestene. Reforma handlar også om korleis vi kan bygge eit meir aldersvenleg samfunn.

Målet med konferansen er å spreie kunnskap om reforma og skape oppslutnad og engasjement for å iverksette "Leve Hele Livet" lokalt.

Du finn meir informasjon og praktiske detaljar i invitasjonen frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Påmelding via nett (merk at det er ulike påmeldingsfristar til dei ulike konferansane). Spørsmål kan rettast til arrangementsansvarleg Hege Runge Johansen