Bruk av tittel som krev autorisasjon

Arbeidsgjevar har ansvar for å sikre at dei tilsette har autorisasjon, samtidig som helsepersonell sjølv har ansvar for å sikre at dei faktisk har denne. Ei utdanning gir ikkje helsepersonell automatisk rett til å kalle seg til dømes helsefagarbeidar, lege eller tannteknikar.

Fylkesmannen har behandla fleire saker der helsepersonell har nytta beskytta tittel utan å ha autorisasjon. Det er 29 grupper som har beskytta tittel, du finn ei oversikt over desse i helsepersonellova § 48. Vilkåra for autorisasjon er skildra i § 48a.

Arbeidsgjevar sitt ansvar

Som arbeidsgjevar har du ansvar for at dei tenestene som blir ytt er forsvarleg. Ein føresetnad for å tilby forsvarlege helsetenester er at det helsepersonellet som vert tilsett har dei kvalifikasjonane og den kompetansen som stillinga krev.

Arbeidsgjevaren må ved tilsetting av helsepersonell sikre at den som blir tilsett har:

  • Gyldig norsk autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning, når dette er eit vilkår for tilsettinga
  • Nødvendige munnlege og skriftlege språkkunnskapar og -forståing
  • Nødvendig fagleg kompetanse og evne

Rettleiaren Gode rutiner- gode tilsettinger frå Helsedirektoratet, kan vere til hjelp ved tilsetting av helsepersonell.

Helsepersonell sitt ansvar

Dersom du som helsepersonell ønskjer å nytte ein beskytta tittel må du søkje om autorisasjon hjå Helsedirektoratet

Helsepersonellregisteret (HPR)

Helsepersonell med norsk autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning og dermed rett til å nytte beskytta tittel skal vere registrerte i  HPR. 

Er du usikker på om du eller ein av dine tilsette har autorisasjon kan du gå inn på helsepersonellregisteret og sjekke.