Helsetenester

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Fylkesmannen fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, vil ho bli send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Fylkesmannens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Fylkesmannen vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Fylkesmannen vil også kunne ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Fylkesmannen. Ved særleg grove rettsbrot vil Fylkesmannen sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Fylkesmannens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir


29.06.2018

Helsetenesta pliktar å møte pasient, brukar og pårørande etter svært alvorlege hendingar

Pasient- og brukarrettslova pålegg frå og med 1. juli 2018 helse- og omsorgstenesta i kommunen og på sjukehus å tilby pasientar, brukarar og pårørande eit møte så snart råd er, når det har skjedd svært alvorlege hendingar som har involvert pasienten eller brukaren.


29.06.2018

Uforsvarleg helsehjelp til ungdom

Fylkesmannen har vurdert helsetilbodet som Helse Førde har gitt til ein ungdom med psykisk sjukdom gjennom to år. Vi har konkludert med at tilbodet til ungdomen ikkje var forsvarleg.


15.06.2018

Distribusjon av jodtablettar til kommunane

I desember oppmoda Helsedirektoratet kommunane om å bestille jodtablettar. Statens strålevern har no ei ny oppdatert brosjyre som er tilgjengeleg for kommunane.


24.05.2018

Legeattest og automatiske straummålarar

Fylkesmannen har fått førespurnader om utskriving av legeattest ved opplevd helserelatert ulempe ved installasjon av automatisk straummålar (AMS). Statens strålevern slår fast at strålinga frå AMS ikkje utgjer ein objektiv helserisiko. Helsedirektoratet har gitt føringar om at fastlegar ikkje skal gi ut legeattest for at AMS utgjer ein objektiv helserisiko.


08.05.2018

Kommunane si plikt til å førebyggje smittsame sjukdomar via blodsmitte

Helsedirektoratet har i brev til Fylkesmannen klargjort at alle kommunar skal ha ordningar som gjer brukarutstyr for injeksjon gratis og enkelt tilgjengeleg for alle injiserande stoffmisbrukarar som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen.


20.04.2018

Eittåring sendt heim frå legevakt to gonger

Fylkesmannen har behandla to tilsynssaker som gjeld helsehjelpa ytt til eit barn på eitt år som oppsøkte legevakta to gongar med feber og krampe. Fylkesmannen konkluderte med at den første legen ikkje gav fagleg forsvarleg hjelp, medan saka mot den andre legen er sendt til Statens helsetilsyn.


19.04.2018

Vaksinering mot meslingar av tilsette i helse og omsorgstenestene

Helsedirektoratet har sendt ut ei orientering om vaksinering av tilsette i helse- og omsorgstenestene mot meslingar for å beskytte sårbare pasientar mot smitte.


09.04.2018

Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta i 2018

I regi av Helsedirektoratet og KS tilbyr Handelshøyskolen BI utdanning i leiarskap og endrings- og innovasjonsleiing for helse- og omsorgstenesta i kommunane og tannhelsetenesta i fylkeskommunane. Utdanninga gir 30 studiepoeng og kan gjennomførast som sjølvstendig modul eller som del av eit samla mastergradstudium. Søknadsfristen er 15. april 2018.


21.03.2018

Legemiddel på arbeidsplassen

Ei verksemd som yter helse- og omsorgstenester må vere organisert på ei forsvarleg måte. Dette gjeld og handtering av legemiddel. Arbeidsgjevar har plikt til å førebyggje tjuveri av legemiddel.


21.03.2018

Pasientopplysningar på sosiale medium

Det er forbode for helsepersonell å spreie pasientsensitive opplysningar på sosiale medium.


Fleire nyhende