Førarkort

Alle som skal søkje om førarkort eller fornye førarkortet sitt, må fylle ut ei eigenerklæring om helse på trafikkstasjonen. Eigenerklæringa skal stadfeste at du er frisk nok til å køyre. Dersom du har ein sjukdom eller ein tilstand som kan verke inn på køyreevna, må du i tillegg få helseattest frå legen din. 

Dei som skal ha førarkort i gruppe 2 og 3 må alltid ha helseattest frå lege.

Dersom du er i tvil om du kan køyre trygt på grunn av helseproblem eller medisinbruk, har du plikt til å oppsøkje lege. Om ein lege, psykolog eller optikar meiner at helsekrava for å ha førarkort ikkje er oppfylte, skal han eller ho melde frå om det til Fylkesmannen dersom helsekrava ikkje vil vere oppfylte innan seks månader. Fylkesmannen informerer politiet dersom førarkortet bør tilbakekallast heilt eller delvis. Politiet har også mynde til å gje tilbake føreretten.

Dispensasjon

Dei nye helsekrava som tok til å gjelde frå oktober 2016 er tilpassa førarkortdirektivet i EU, der omsynet til trafikktryggleik veg tungt.

Dersom fastlegen (eller ein annan lege) konkluderer med at pasienten ikkje fyller helsekrava til førarkort, er det svært vanskeleg å få innvilga ein søknad om dispensasjon. Som ein overgangsordning fram til 30. september 2019 kan Fylkesmannen likevel fornye tidlegare dispensasjonar dersom søkjaren har tungtvegande behov for å få fornya førarkortet.

Klage

Dersom du har fått avslag på ein søknad om dispensasjon, kan du klage på vedtaket. Fylkesmannen vil da gå gjennom saka på nytt, og vurdere om det er grunnlag for å endre vedtaket. Dersom vi opprettheld vedtaket vårt, sender vi saka vidare til Helseklage for ny behandling.

Vis meir


21.11.2017

Endring av helsekrav til førarkort ved medikamentbruk

Paragraf 36 nr. 8 er oppheva med verknad frå 26.10.2017. Dette betyr at helskrava kan vere stetta ved bruk av antipsykotika, antiepileptika og antidepressiva.


21.11.2017

Praktisk køyrevurdering etter oppmoding frå attest-utstedar

Statens vegvesen har sensorar med spesialkompetanse på køyrevurderingar for personar som har/har hatt førarrett. Ei praktisk køyrevurdering er altså ikkje det same som ei obligatorisk praktisk førarprøve som alle må gjennomføre før ein kan få førarkort for første gong.


15.12.2016

Legemiddelkalkulator ved vurdering av helsekrav for førarkort

Norsk Elektronisk Legemiddelhåndbok (NEL) har laga ein legemiddelkalkulator som kan hjelpe legen til å vurdere om helsekrava til førarkort vert stetta.


19.09.2016

Nye helsekrav for førarkort

Har du førarkort er denne artikkelen relevant for deg.


13.09.2016

Nye helsekrav til førarkort 1. oktober

Fleire av dei som har dispensasjon (unnatak) frå helsekrava i dag vil stette dei nye krava på visse vilkår.


20.10.2015

Øvingskøyring med ungdom som bur på barnevernsinstitusjonar

Ungdom som bur på barnevernsinstitusjon kan gjerne øvingskøyra, men barnevernsinstitusjonen må før øvingskøyringa sjekka om ungdommen fyller helsekrava.


22.01.2015

857 førarkortsaker i 2014

Fylkesmannen sende 216 meldinger til politiet med tilråding om inndraging av førarkort fordi helsekrava til førarkort ikkje var stetta.


17.12.2014

Nye førarkortregler skal forenkle sakshandsaminga

Dersom høyringsforslaget blir vedteke vil mange sjåførar som tidlegare har måtte søke om dispensasjon stette helsekrava til førarkort. Høyringsfrist er 15. mars 2015.


22.01.2014

Fleire mista førarkortet i 2013 - legane sine attestar er viktige

Fylkesmannen innskjerpa i 2013 fastlegane sin plikt til å sende melding om pasientar som ikkje stetter helsekrava til førarkort. Dette har ført til ein auke i tal personar som har mista førarkortet av helsemessige årsakar.


10.06.2013

Rusbruk blant drepte bilførarar

Frå 2001 til 2010 omkom 1077 bilførarar i trafikkulukker på norske vegar. Bruk av rusmiddel er ofte ein årsak i mange av ulukkene.


Fleire nyhende