Folkehelse

Folkehelsearbeidet er samfunnets felles innsats for å ta vare på, betre og fremme folks helse og redusere faktorar som kan medføre helserisiko. Folkehelsa er eit uttrykk for helsetilstanden i befolkninga og korleis helse fordeler seg mellom ulike sosiale lag i befolkninga. Folkehelsearbeidet skal òg medverke til utjamning av sosiale helseforskjellar.

Folkehelse er viktig i samhandlingsreforma

Førebyggjande og helsefremmande arbeid er viktig både i og utanfor helsesektoren. Med folkehelselova har fylkeskommunane og kommunane fått hovudansvaret for det breie samfunnsretta folkehelsearbeidet.

Fylkesmannen skal sikre at det blir teke omsyn til folkehelsa i planar

Fylkesmannen skal medverke til å gjennomføre statlege satsingar på folkehelseområdet. Det breie folkehelsearbeidet skal sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, og planlegging blir derfor eit sentralt verkemiddel. Gjennom råd og rettleiing til kommunar og andre aktørar skal Fylkesmannen vere med på å sikre at folkehelse inngår i kommunale, regionale og statlege planar. Fylkesmannen skal medverke til forpliktande samhandling mellom aktørane.

Fylkesmannen kan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller pliktene sine på folkehelseområdet.

Vis meir


29.01.2018

NM i lunsj

Då er det på ny klart for NM i lunsj der elevane skal konkurrere i å lage Norges beste lunsj til ungdommar. Målet er å setje fokus på alle fordelar ungdommen kan oppleve med eit sunnare kosthald.


01.06.2017

Nok tid til føremiddagsmaten

Elevane må få tid til å ete i ro og til dei er mette. Regjeringa oppmodar difor alle grunnskular om å setje av minst 20 minuttar til matpause.


03.11.2016

To vinnarar av FRI-prisen 2016

FRI-prisen for 2016 á kr 8 000 er tildelt Byrknes barnehage og skule i Gulen kommune og Sande skule i Gaular kommune.

 


18.10.2016

Bli med på NM i skulelunsj

21.november 2016 vert det lansert ein nasjonal konkurranse der elevane på ungdomsskulen konkurrerer om å lage den beste lunsjopplevinga i landet.


17.10.2016

Trekning av FRI-prisen 2016

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane deler i haust ut to prisar
på kroner 8 000,- for tobakksførebyggande arbeid i ungdomsskulen. Søknadsfristen er måndag 31. oktober 2016.


13.05.2016

Kunnskapsprøve for skjenkekontrollørar

Alle kontrollørar av stader med sal- og skjenkebevilling må ha bestått den nye kunnskapsprøven frå Helsedirektoratet innan 1. juli i år.


10.05.2016

Ny samordningskalender i Sogn og Fjordane

Forum for helse, omsorg og folkehelse (HOF-forum) er glade for å kunne presentere den nye samordningskalendaren, som gir oversikt over kva som hender på dette fagområdet i fylket.


12.01.2016

Tilskot til "Aktivitet for seniorar og eldre"

Målet med ordninga er å motverke einsemd og passivitet, gjennom deltaking og sosiale møteplassar. Kommunar, fylkeskommunar og organisasjonar m. fl. kan søkje.


22.12.2015

Tilskot til tiltak for betre seksuell helse 2016

Det er no høve til å søkje midlar til oppfølging av strategi for seksuell helse 2016. Søknadsfristen er 1. februar 2016.


22.12.2015

Ansvarleg alkoholhåndtering

Helsedirektoratet og Kommunetorget presenterer nye tiltak for tryggare sal og skjenking av alkohol.

 


Fleire nyhende