Helse, omsorg og sosialtenester

Alle som treng det, skal få gode og forsvarlege helse- og sosialtenester – uavhengig av alder, inntekt og diagnose. Det er i stor grad kommunane og helseføretaka (sjukehusa) som tilbyr desse tenestene.

Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Staten har òg ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtenestene. Mykje av dette arbeidet blir gjort av Fylkesmannen.

Vis meir


21.12.2018

Nytt fylkesmannsembete

Frå 01.01.2019 vert Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland slått saman til Fylkesmannen i Vestland. Lars Sponheim vert fylkesmann medan Gunnar Hæreid vert ass. fylkesmann. Helga Arianson vert fylkeslege.


21.12.2018

Kommunalt psykisk helse- og rusarbeid 2018

Rapport frå SINTEF syner at det på landsbasis har vore auke i kommunale stillingar på 8,6 % frå 2017 til 2018.


11.12.2018

Styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta

Helsedirektoratet har lyst ut tilskot til ordninga styrking og utvikling av helsestasjons‐ og skulehelsetenesta på 426 millionar kroner. 40 millionar er øyremerka styrking av jordmortenestene i kommunen. Søknadsfristen er 14. januar.  


30.11.2018

Tilskot til psykolog i kommunal helse- og omsorgsteneste

Med atterhald om Stortingets budsjettvedtak er det utlyst tilskot til psykologstillingar 2019.


28.11.2018

Sjukeheimstilbodet i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen har kartlagt sjukeheimstilbodet i fylket. Resultata viser mellom anna at dei fleste institusjonspasientar får einerom, men nokre få kommunar har utfordringar med overbelegg. Det kjem òg fram at kommunane bør førebu seg på auka behov for heildøgers omsorgstenester i åra som kjem. 


07.11.2018

Samhandlingskonferansen 2019

Tema for neste års konferanse er "Framtidas pasient/den moderne helsearbeidaren".


01.11.2018

Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet vil om kort tid lyse ut tilskotsordninga. Det er krav om utfylt stadfesting frå kommunen innan 9. november, for å få behandle søknad for 2019.


25.10.2018

Jodtablettar som ein del av eigenberedskap

Jodtablettar står på DSB si liste over kva som er tilrådd å ha heime. Tablettane kjem for sal utan resept i apoteka 1. november 2018.


22.10.2018

Tilskot til rekruttering av fastlegar

Fylkesmannen ønskjer å oppmode kommunane om å søke Helsedirektoratet om tilskot til rekruttering av fastlegar.


10.10.2018

Fylkesmannen arrangerer temasamling for verjer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane arrangerer samling for verjer for personar med psykisk utviklingshemming. Rett til sjølvbestemming og medbestemming, konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne og tvang og makt blir sentrale tema på samlinga.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel