Trus- og livssynssamfunn

Fylkesmannen registrerer trus- og livssynssamfunn, behandlar krav om tilskot, godkjenner nye forstandarar og ser til at trus- og verksemda i livssynssamfunna er i samsvar med lover og forskrifter. Fylkesmannen er klageinstans for saker som gjeld kommunale tilskot til trus- og livssynssamfunn.

Den digitale løysinga "Trus- og livssynsamfunn" gir innsyn i opplysningar om livs- og trussamfunn som har søkt om statstilskot. Løysinga er ny, og blir teken i bruk i alle fylke i løpet av 2018.

Du får tilgang til den digitale løysinga ved å klikke på "Oversikt over trus- og livssynssamfunn" til høgre i skjermbiletet. Ved å klikke på det enkelte trussamfunnet får du tilgang til kontaktopplysningar, registreringsdato dersom det er registrert, namn på godkjende forstandarar, eventuell vigselsmynde, utbetalt statstilskot osv. Du får opp tilsvarande opplysningar ved å søkje på livssynssamfunna. Du kan også samanstille informasjon ved å bruke søkefelta.

Fristen for å setje fram krav om tilskot til trus- og livsssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er 1. mars.  

Har du spørsmål om trus- og livssynssamfunn, kan du vende deg til Fylkesmannen i fylket der trussamfunnet er registrert.

Vis meir


12.03.2018

Tilskot til private kyrkjebygg 2018

Fristen for å sende søknad til Kulturdepartementet om tilskot til privateigde kyrkjebygg er sett til 15. juni 2018.


13.02.2018

Tilskot til trus- og livssynssamfunn 2018

Frist for å sende inn krav er 1. mars 2018.


19.12.2017

Statstilskot til trus- og livssynssamfunn

Fylkesmannen har utbetalt 781 488 kroner i statstilskot til elleve trussamfunn i 2017. Dette er ei auke på nær 200 000 kroner samanlikna med fjoråret.


25.04.2017

Sats for statstilskot til trus- og livssynssamfunn 2017

Satsen for statstilskot 2017 er 538 kroner per medlem.


11.01.2017

Statstilskot til trus- og livssynssamfunn i 2016

Fylkesmannen har utbetalt 595 192 kroner i statstilskot til trussamfunn i Sogn og Fjordane i 2016. Til saman 12 trussamfunn har fått tilskot. 


28.04.2016

Sats for statstilskot 2016

Satsen for statstilskot 2016 er 472 kroner per medlem.


28.04.2016

Tilskot til privateigde kyrkjebygg

Fristen for å sende søknad til Kulturdepartementet om tilskot til privateigde kyrkjebygg er sett til 15. juni 2016.


02.02.2016

Tilskot til trus- og livssynssamfunn 2016

Frist for å sende inn krav om statleg og kommunalt tilskot er sett til 10. mars 2016.


01.04.2015

Tilskot til privateigde kyrkjebygg

Fristen for å sende søknad til Kulturdepartementet om tilskot til privateigde kyrkjebygg er sett til 1. juni 2015.


20.02.2015

Utbetalt statstilskot til trussamfunn i Sogn og Fjordane i 2014

Fylkesmannen har i 2014 utbetalt til saman 606 564 kroner i statstilskot til trussamfunn i Sogn og Fjordane.


Fleire nyhende