Støtte til politiske parti

Politiske parti som er registrerte i partiregisteret, kan søkje om statstilskot. Det er Fylkesmannen som behandlar søknader frå kommune- og fylkespartia. Dette gjeld også ungdomsparti på fylkesnivå. Også felleslister som er samansette av to eller fleire registrerte politiske parti, kan søkje om tilskot.

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet nedanfor for å søkje om statstilskot. Du kan også søkje via brev.

Elektronisk søknadsskjema 

Meir informasjon finn du på nettstaden Partiportalen.

Vis meir


16.09.2016

Nye oppgåver til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Frå 1. januar 2017 får Fylkesmannen i Sogn og Fjordane hovudansvaret for saksbehandlinga av statstilskot til kommune- og fylkespartia. Les meir


10.11.2015

Må ha stadfesting frå politiske parti

Politiske parti som skal ha utbetalt partistøtte, må stadfeste konto- og adresseopplysningar for å få utbetalt statstilskot. Fristen er 15. november 2015.


31.08.2015

Ofte stilte spørsmål om statstilskot til politiske parti

På prosjektsida https://www.partiportalen.no/Soke-partistotte/Ofte-stilte-sporsmal/ finn du svar på mange av dei vanlegaste spørsmåla om statstilskot til politiske parti.


06.01.2015

Søknad om statstilskot til politiske parti

Registrerte politiske parti kan søke om statstilskot til drifta si. For valperioden 2011-2015 kan kommune-, fylkes- og fylkesungdomspartia, sentrale parti og dei sentrale ungdomsorganisasjonane bruke elektronisk søknadsskjema.


05.01.2015

Sende papirsøknad og endre adresseopplysningar

Dersom du ikkje fekk søkje om støtte til politiske parti i det elektroniske søknadsskjemaet kan du sende papirsøknad, eller sende e-post til Fylkesmannen i fylket ditt.