Opningstider for utsalsstader

Butikkar skal som hovudregel halde stengt på søndagar og heilagdagar. Fylkesmannen kan gi dispensasjon frå dette. Du søkjer om dispensasjon direkte til Fylkesmannen.

Når Fylkesmannen behandlar søknader om å halde ope på søndagar og heilagdagar, legg vi vekt på omsynet til arbeidstakarane. Du må derfor dokumentere at arbeidstakarane og arbeidsgivaren er samde om å halde ope på søndagar og heilagdagar. Fylkesmannen hentar inn fråsegner frå fleire partar, og du bør derfor sende søknad om dispensasjon ein til to månader før den aktuelle søndagen eller heilagdagen.

Fylkesmannen kan etter søknad frå kommunen avgjere at eit område skal reknast for typisk turiststad for heile eller delar av året. Då gjeld ikkje avgrensingane i opningstid i lov om heilagdagar og heilagdagsfred.

Vis meir


10.07.2018

Kalvåg får status som typisk turiststad om sommaren

Fylkesmannen har bestemt at Kalvåg i Bremanger kommune får status som typisk turiststad i perioden 1. juni til 31. august. Det betyr at utsalsstadar i Kalvåg kan holde ope på søndagar og helgedagar i denne perioden.


23.06.2017

Typiske turiststadar i Askvoll kommune

Fylkesmannen har bestemt at øysamfunna Bulandet og Værlandet i Askvoll kommune får status som typisk turiststad for perioden 1. juni til 31. august.


15.05.2017

Typiske turiststadar i Aurland kommune

Fylkesmannen har bestemt at Flåm og Gudvangen i Aurland kommune får status som typisk turiststad heile året, medan Aurlandsvangen og Undredal får tilsvarande status for perioden 1. mai til 30. september.


30.03.2016

Balestrand sentrum får status som typisk turiststad

Fylkesmannen har bestemt at sentrum i Balestrand kommune får status som typisk turiststad i perioden 1. mai til 30. september. Det betyr at utsalsstader i sentrum av Balestrand kan ha ope på søndagar og helgedagar i denne perioden.


20.01.2015

Lærdal kommune får status som typisk turiststad delar av året

Fylkesmannen har bestemt at Lærdal kommune skal reknast som typisk turiststad i perioden 1. juni. til 15. september.  Verknaden av dette er at  reglane i helgedagsfredlova om opningstider ikkje gjeld for utsalsstader i Lærdal kommune den delen av året.


18.07.2013

Korssund i Fjaler kommune er godkjent som «typisk turiststad»

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i forskrift 12.07.2013 godkjent Korssund som «typisk turiststad» i perioden 15. juni til 15. august.


08.02.2013

Skei i Jølster er godkjent som typisk turiststad

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har  i forskrift 05.02.2013 godkjent kommunesenteret Skei i Jølster som typisk turiststad  i perioden 10. juni til 20. august. 


29.11.2012

Søndagsopne butikkar i desember

Faste utsalsstader kan halde opent dei tre siste søndagane før julafta mellom kl. 14 og kl. 20.


29.11.2012

Strenge krav til søndagsopne butikkar

Fylkesmannen legg vekt på omsynet til arbeidstakarane sine interesser når søknader om søndagsope skal vurderast.


19.10.2012

Høyring om framlegg til typisk turiststad for Skei i Jølster

Jølster kommune har søkt Fylkesmannen om at Skei i Jølster blir rekna som typisk turiststad etter helgedagslova. Vi har sendt framlegget til høyring med svarfrist 16. november 2012.