Offentleglova

Alle kan be om innsyn i saksdokument hos dei forvaltningsorgana som er omfatta av offentleglova. Bruk eInnsyn til å be om innsyn i brev og dokument frå statlege verksemder.

Fylkesmannen rettleier og gir råd på offentleglovas område, blant anna overfor kommunane. Etter offentleglova er forvaltninga sine saksdokument i prinsippet opne for innsyn. Lova gjeld også for ein del sjølvstendige rettssubjekt der det offentlege har ein stor eigardel, for eksempel energi- og renovasjonsselskap.

Avslag på innsyn

Avslag på krav om innsyn skal alltid vere skriftleg, og det skal vise til den føresegna i lova som gir grunnlag for å halde tilbake opplysningane. Sjølv om det er heimel for å nekte innsyn, skal forvaltningsorganet likevel vurdere om du kan få innsyn i dokumentet eller opplysningar i dokumentet. Dette er i tråd med det såkalla prinsippet om meiroffentlegheit. Opplysningar som det er teiepliktig om, er unnatekne offentlegheit. 

Klage på avslag om innsyn

Dersom kommunale eller fylkeskommunale organ eller offentleg eigde rettssubjekt har avslått søknaden din om innsyn, kan du klage til Fylkesmannen. Dersom du er nekta innsyn i Fylkesmannens dokument, er det ansvarleg fagdepartementet som er klageinstans. Ei klage etter offentleglova skal sendast til og først behandlast av det organet som avslo innsyn.

Vis meir


11.04.2018

Plikt til å vurdere meirinnsyn

Forvaltninga skal vurdere å gje innsyn i dokument, sjølv om det er høve til å gjere unntak frå innsynsretten. Dersom omsynet til offentleg innsyn veg tyngre enn det konkrete behovet for unntak, bør forvaltninga gje innsyn.


27.12.2017

Fylkesmannen gir delvis innsyn i rapport

Fylkesmannen har etter klagebehandling gitt innsyn i delar av rapporten frå Arbeidsmiljøspesialistane, med unntak av teiepliktige opplysningar. Sogndal kommune må vurdere utvida innsyn for tilsette/tidlegare tilsette som har delteke ved intervjua som er gjennomførde under granskinga.


18.11.2015

Ikkje feil opplysningar i innsynssak

I ein artikkel publisert i Kommunal Rapport 16.11.2015 om påstått hemmeleghald av Excel-fil med kommunerekneskap i Lærdal kommune, vert det vist til at kommunen har gjeve feil opplysningar til Fylkesmannen i ei innsynssak. Dette verkar vere basert på ei mistyding om kva opplysningar den konkrete innsynssaka dreia seg om, utløyst av at Fylkesmannen gav journalisten innsyn i eit rekneskapsdokument frå ei anna innsynssak enn det som var etterspurt. 


27.11.2014

Kunnskapsbanken

Vi har laga ein elektronisk kunnskapsbank til bruk ved offentleg sakshandsaming. Kunnskapsbanken er tilgjengeleg for alle, og målet er å betre rettstryggleiken for alle som har kontakt med forvaltninga.


01.08.2014

NRK får ikkje innsyn i lydopptak

Innsynskravet gjaldt lydopptak frå Alarmsentralen etter trippeldrapa i Årdal. Klage til Sivilombodsmannen førte ikkje fram.


29.04.2014

Stadfestar avvising av omfattande innsynskrav

Gloppen kommune avviste to innsynskrav frå ein privatperson fordi dei var for omfattande. Fylkesmannen stadfestar avvisinga av det eine kravet, og legg vekt på at kravet er generelt og ikkje avgrensa i tid.


01.04.2014

Handsaming av generelle innsynskrav

Svært mange kommunar har den siste tida fått  omfattande krav om innsyn i løn og godtgjersle for alle tilsette. Forvaltningsorgan har ikkje plikt til imøtekome generelle innsynskrav, med mindre ei samanstilling kan opprettast med enkle framgangsmåtar.


20.12.2013

NRK får ikkje innsyn i lydlogg frå Alarmsentralen

Fylkesmannen har stadfesta vedtaket frå Alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS om å ikkje gje innsyn i lydloggen frå hendingane på Valdresekspressen 04.11.2013


20.12.2012

Aurland Ressursutvikling AS er ikkje omfatta av offentleglova

Fylkesmannen tek ikkje klage frå Sogn Avis til følgje, og har kome til at Aurland Ressursutvikling AS ikkje er omfatta av offentleglova.



Kontaktpersonar