Kongens fortenestemedalje til Paul O. Tomasgard

Paul O. Tomasgard frå Hornindal fekk overrekt kongens fortenestemedalje 6. mars 2015.

Utgangspunktet for søknaden er det lange engasjementet og interessa Tomasgard har hatt for lokalhistorie. Han har vore drivkrafta i Hornindal historielag sidan skipinga i 1975, og idealismen hans på dette feltet har ført til realiseringa av fleire lokalhistoriske prosjekt og utgiving av ei rekkje bøker.

Paul O. Tomasgard og ordførar Anne Britt Øen Nygård.

Paul O. Tomasgard og ordførar Anne Britt Øen Nygård.


Paul O. Tomagard fekk meldaljen overrekt av ordførar i Hornindal kommune, Anne-Britt Øen Nygård. Foto: Hornindal kommune.