Medaljar og ordenar

Kongens fortenestemedalje vart stifta av H.M. Kong Haakon VII 1. februar 1908. Medaljen blir delt ut som påskjønning for innsats av særleg samfunnsgagnleg natur.

Fortenestemedaljen blir delt ut som påskjønning for:

  • pionerinnsats eller annan spesiell innsats av særleg samfunnsgagnleg natur på område som kunst, kultur, vitskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid
  • særleg fortenestefull ulønt innsats over lengre tid i samfunnslivet, i offentlege eller private verv, i frivillige organisasjonar eller i anna samfunnsnyttig verksemd
  • særleg fortenestefullt arbeid gjennom lang tid i privat eller offentleg teneste der innsatsen har lege langt over det normale, og der vedkommande også har vist aktivt samfunnsengasjement utover arbeidsinnsatsen sin
  • ein livsinnsats som kan stå som eksempel for andre

Statuttane for tildeling av Kongens fortenestemedalje blir endra i tråd med samfunnsutviklinga. Den siste endringa vart gjort 30. mars 2012. Etter dei nye statuttane blir det lagt avgjerande vekt på at kandidatar til medaljen har gjort samfunnsnyttig innsats over lengre tid, inkludert frivillig arbeid og engasjement. Samstundes blir det ikkje lenger lagt vekt på tenestetid i 40 år eller meir.

Den siste oppdateringa av statuttane medfører også at omgrepet "Kongens fortenestemedalje i sølv" fell bort og blir erstatta av "Kongens fortenestemedalje". Kongens fortenestemedalje i gull blir berre tildelt i heilt ekstraordinære tilfelle og kan ikkje søkjast om.

St. Olavs orden

St. Olavs orden vart stifta av kong Oskar I 21. august 1847 og vart sist revidert 19. juni 2015. Ordenen blir tildelt som påskjønning for ”utmerkede fortjenester av fedrelandet og menneskeheten”.

Søknad om tildeling av Kongens fortenestemedalje og St. Olavs orden skal stilast til H.M. Kongen og sendast via Fylkesmannen i fylket der kandidaten bur.

Vis meir


09.10.2018

Kongens fortenestemedalje til Jarle Helgheim

Jarle Helgheim vart heidra med Kongens fortenestemedalje 5. oktober. Medalje og diplom vart utdelt av ordførar Oddmund Klakegg.


05.10.2018

Kongens fortenestemedalje til Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich

Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich fekk tildelt Kongens fortenestemedalje på premieren til Opera Nordfjord si 20-års jubileumsforestilling i Operahuset i Nordfjord 3. oktober. Ordførar i Eid kommune sytte for ei verdig utdeling av medaljane.


28.08.2018

Kongens fortenestemedalje til Dag Fosstvedt

Dag Fosstvedt fekk tildelt Kongens fortenestemedalje og diplom under NM på Byrkjelo 18. august. Medalje og diplom vart utdelt av varaordførar i Gloppen, Magni Aa Berge.


10.08.2018

Kongens fortenestemedalje til Bjørg Hovland

Medaljen vart utdelt av ordførar Ivar Kvalen på konsert i Dale Kyrkje, 25. juli 2018.


15.12.2017

Kongens fortenestemedalje til Trygve Apalset

Trygve Apalset fekk Kongens fortenestemedalje den 30. november. Han fekk overrekt medalje og diplom av ordførar i Gloppen kommune, Leidulf Gloppestad.


17.10.2017

Kongens fortenestemedalje til Ragnhild Bjørlo

Ragnhild Bjørlo fekk tildelt medalje og diplom av fylkesleiar Anne Marie Strømøy i Norske kvinners Sanitetsforening 9. oktober. Bjørlo har gjennom 45 år vist eit brennande engasjement for omsorgsberedskap, kvinnehelse og eldre sine rettar.


14.06.2017

Kongens fortenestemedalje til Liv Helen Nystuen

Liv Helen Nystuen fekk tildelt Kongens fortenestemedalje under årets Lustramarknad. 


31.05.2017

Kongens fortenestemedalje til Arvid Øren

Arvid Øren vart på sjølvaste 17. mai tildelt Kongens fortenestemedalje og diplom av ordførar i Årdal kommune, Arild Ingar Lægreid.


05.01.2017

Kongens fortenestemedalje til Oline Løvlid

Oline Løvlid fekk 26. desember overrekt Kongens fortenestemedalje og diplom av ordførar i Hornindal kommune, Stig Olav Lødemel.


29.11.2016

Kongens fortenestemedalje til Karl Bertin Russøy

Karl Bertin Russøy blei tildelt Kongens fortenestemedalje 27. november. Medaljen vart utdelt av ordførar Oddmund Klakegg under ei tilstelling i Vassenden kyrkjesenter.


Fleire nyhende