Introduksjonsordninga

Formålet med introduksjonsordninga er å gjere det lettare for grupper av nykomne innvandrarar å komme raskt ut i jobb eller utdanning. Arbeid og utdanning er avgjerande for deltaking i samfunnet og økonomisk sjølvstende.

Rett og plikt til opplæring

Mange nykomne innvandrarar som blir busette i ein norsk kommune, treng grunnleggjande kvalifisering. Dei har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet. Dei har også rett og plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap i til saman 600 timar. Det er kommunane som har ansvaret for gjennomføringa av introduksjonsprogrammet og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap.

Dei som deltek i introduksjonsprogrammet, har rett til introduksjonsstønad.

Kommunane får finansiert ordninga

Dei som kan få opplæring og støtte etter introduksjonslova, blir registrerte i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR). På bakgrunn av dei registrerte opplysningane kan kommunane søkje om tilskot til å gjennomføre opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. Tilskotet blir rekna ut på grunnlag av kor mange personar i målgruppa for rett og plikt som er busette i kommunen, med tillegg for greidd norskprøve. I tillegg blir det gitt tilskot til norskopplæring for vaksne asylsøkjarar til dei kommunane som har asylmottak.

Fylkesmannens oppgåver

Det er Fylkesmannen som godkjenner søknadene i NIR, og som betaler ut tilskota.

Introduksjonslova inneheld fleire føresegner om enkeltpersonars rettar og plikter. Fylkesmannen er klageinstans for vedtak etter desse føresegnene.

Fylkesmannen fører tilsyn med verksemda i kommunane og om dei oppfyller pliktene sine etter introduksjonslova.

Vis meir


26.05.2016

Enkel berekning av tilskot ved busetting

Det kan vere krevjande for ein kommune å ha oversikt over inntektssida ved busetting. Eit nytt enkelt elektronisk verktøy kan raskt gi deg ei berekning.


08.07.2015

Ekstratilskot - Stortinget premierer kommunar

Kommunar som buset fleire flyktningar enn dei er bedne om å ta imot, kan få eit ekstratilskot på inntil 50 000 kroner per person. Framleis ventar over 5000 flyktningar i mottak.


02.02.2015

Busetjing av flyktningar i Sogn og Fjordane

Staten har sett som mål at 70 prosent av alle flyktningar som gjennomfører introduksjonsprogrammet skal være i arbeid eller utdanning året etter avslutta program.


13.11.2014

Møte med IMDi 12.11 i Leikanger

Fylkesmannen hadde besøk av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) med direktør Geir Barvik i tillegg til leiinga frå region vest i IMDI.


02.10.2014

Introduksjonsordninga er 10 år

Jubileet vert markert med ein konferanse i Bergen der tema er korleis få fleire flyktningar i arbeid etter ferdig introduksjonsprogram.


03.02.2014

Tilsyn med introduksjonsprogrammet

Fylkesmannen har gjennomført dokumenttilsyn med introduksjonsprogrammet i Sogndal og Eid kommune.


27.08.2013

Tverrfagleg samling for kommunane sine introduksjonsprogram

20. august hadde NAV, KS, fylkeskommunen og Fylkesmannen samling for dei som arbeider med og underviser deltakarar i introduksjonsprogrammet.