Forvaltningsrett

Forvaltningslova har generelle reglar om blant anna habilitet, teieplikt og rettleiingsplikt. Lova tek også for seg utgreiingsplikt, grunngivingsplikt, underretningsplikt og klage- og omgjeringshøve. Lova inneheld også reglar om korleis forskrifter og vedtekter skal utarbeidast.

Forvaltningslova avgjer blant anna korleis ein kommune eller eit statleg forvaltningsorgan skal gjere vedtak, og gir deg som innbyggjar klare rettar i møte med det offentlege:

  • Du har rett til å bli varsla om ei pågåande sak.
  • Du har rett til å søkje råd hos ein advokat eller ein annan du har tillit til.
  • Du har rett til (med nokre unntak) å sjå dokumenta i saka di.
  • Du har rett til å få ei grunngiving for det vedtaket som er gjort.
  • Du har rett til å klage på enkeltvedtak.
  • Du kan i visse tilfelle få dekt sakskostnader dersom vedtaket blir endra etter ei klage.
  • Du skal få hjelp til å klage hos den som har gjort vedtaket.

Det er berre vedtak som gjeld rettane og pliktene til enkeltpersonar, som blir rekna som enkeltvedtak. Fylkesmannen er klageinstans for nokre typar enkeltvedtak.

Vis meir


31.10.2018

Innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i kommunane

Universitetet i Bergen har i samarbeid med Fylkesmannen utvikla eit innføringskurs i forvaltningsrett berekna for tilsette i kommunane. Dette er ein pilot, eksklusivt for kommunane i Sogn og Fjordane.


01.03.2018

Sognefjorden Vel har klagerett i sak om Leikanger kraftverk

Miljødirektoratet har bestemt at miljøorganisasjonen Sognefjorden Vel har klagerett i to saker som gjeld utsleppsløyve for Leikanger kraftverk. Fylkesmannen har teke avgjerda til etterretning og vil handsame sakene på nytt.

 


29.07.2016

Innsyn i rekneskapsopplysningar i Excel-format

Fylkesmannen har bede Lærdal kommune gje innsyn i rekneskapsopplysningar i Excel-format, sjølv om kommunen tidlegare har gjeve innsyn i PDF-format. 


11.07.2016

Kritisert for tidsbruk – Fylkesmannen ser fram til avklaring frå Sivilombodsmannen

Fylkesmannen har hatt fleire klagesaker om rett til å få utarbeidd dokument i excel-format. I ei av sakene tok det tre månader å behandle saka, og Sivilombodsmannen har kritisert Fylkesmannen si behandlingstid som for lang. Dette er vi einige i, og har orsaka tidsbruken. Saksbehandlingstida er forklart med stor auke i oppgåver i kombinasjon med færre ressursar. Sakene har også reist vanskelege spørsmål. No ventar vi på Sivilombodsmannen si avgjerd om plikta til å utarbeide dokument etter krav frå ålmenta.


05.03.2015

Avslag på innsynskrav skal vere skriftleg

Dersom du er part i ei sak, har du i utgangspunktet rett til innsyn i alle dokument i saka. Det gjeld vanleg klagerett ved avslag.  


27.11.2014

Kunnskapsbanken

Vi har laga ein elektronisk kunnskapsbank til bruk ved offentleg sakshandsaming. Kunnskapsbanken er tilgjengeleg for alle, og målet er å betre rettstryggleiken for alle som har kontakt med forvaltninga.

 


13.10.2014

Opphevar avgjerd om tildeling av næringsareal

Aurland kommune avgjorde 19. juni 2014 sak om tildeling av næringsareal i Gudvangen. Fylkesmannen har kome til at feil ved to habilitetsvurderingar kan ha verka inn på utfallet av tildelingsavgjerda, og har difor oppheva denne.


21.03.2014

Ikkje klagerett for "Vikenhusets vener"

Fylkesmannen har stadfesta vedtaket frå Jølster kommune om at "Vikenhusets vener" ikkje har klagerett på vedtaket om å rive Vikenhuset. Dette fordi foreininga ikkje blir rekna for å ha rettsleg klageinteresse i saka.  


22.01.2013

Klagerett når klageinstansen avviser ei sak - endring i forvaltningslova sin §28

Fram til no har det vore tvil om det er høve til å klage på klageinstansen si avgjerd om å avvise ei klagesak. Det er kome nye reglar om dette i forvaltningslova § 28.


04.12.2012

Habilitet når kommunen har eigarinteresser

Kommunale organ og sakshandsamarar er ikkje inhabile til å handsame saker der kommunen har eigarinteresser.


Fleire nyhende