Asylsøkjarar og flyktningar

Talet på asylsøkjarar auka kraftig i 2015. Regjeringa sette i verk ei rekkje tiltak for å handtere situasjonen, og følgjer framleis situasjonen nøye. Norske styresmakter samarbeider nasjonalt, regionalt og lokalt for å ivareta asylsøkjarane som kjem til Noreg.

Ankomstsenter Østfold eller Ankomstsenter Finnmark er første stoppestad for asylsøkjarar som kjem til Noreg. Desse to sentera er eit samarbeid mellom Utlendingsdirektoratet og Politiets utlendingseining. Her blir asylsøkjarane registrerte, dei får ei helseundersøking og informasjon om asylprosessen. Etter nokre få dagar her får dei tildelt plass på eit asylmottak der dei kan bu til søknaden er behandla. Dersom asylsøkjarane får positivt svar på søknadene sine, får dei opphaldsløyve som flyktning eller på humanitært grunnlag.

Einslege mindreårige asylsøkjarar

Einslege asylsøkjarar og flyktningar under 18 år får utnemnt ein representant. Ein representant er ein juridisk erstattar for foreldra. Representanten har ikkje den daglege omsorga, men skal syte for at barnet blir teken vare på av den instansen som er ansvarleg for å tilby omsorg. Vidare skal representanten hjelpe den mindreårige i samband med asylsaka. Asylsøkjarar under 18 år får bu i særskilte asylmottak eller i omsorgssenter.

Ansvar for asylsøkjarane:

  • Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for behandling av søknader om asyl og utvisningssaker, og for akutt innkvartering og drift av asylmottak.
  • Politiets utlendingseining (PU) tek i mot søknader om asyl og gjennomfører asylintervju.
  • Kommunane skal yte primærhelsetenester og barnevernstenester til alle som oppheld seg i kommunen, også for asylsøkjarar som er midlertidig innkvartert. Ei tilskotsordning for kommunar og fylkeskommunar skal bidra til at barn og unge som søkjer opphald i Noreg - anten dei bur i ordinære mottak, akuttmottak eller transittmottak - får grunnskuleopplæring og/eller vidaregåande opplæring. Kommunane kan dessutan søkje om refusjon for utgifter til kommunale barnevernstiltak til barnet fyller 20 år.

Fylkesmannen oppgåver:

  • Fylkesmannen utnemner representantar for einslege asylsøkjarar som er under 18 år.
  • Vi er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter for å sikre rask kommunikasjon begge vegar. Fylkesmannen i Oslo og Akershus har dessutan eit særskilt transittansvar, og er også tillagt eit nasjonalt koordineringsansvar.
  • Vi har ansvar for behandling av saker som gjeld fri rettshjelp, og ventar ein auke i saker på dette området.
  • Vi fører tilsyn med omsorgssenter for einslege asylsøkjarar under 15 år.
  • Vi er tilsyns- og klageinstans og rettleiar kommunane i saker som gjeld sosiale tenester og introduksjonslova.
  • Vi gir kommunane råd og rettleiing på helseområdet.

Vis meir

Abonner på nyheiter om asyl- og flyktningesituasjonen frå Fylkesmannen.


04.04.2018

Endring i forvaltning av tilskot til barn og unge som søker opphald

Frå hausten skal kommunane og fylkeskommunen berre søke Fylkesmannen om tilskot for barn mellom 16-18 år. For barn mellom 6-15 år vil kommunane automatisk få tildelt tilskot basert på Utlendingsdirektoratet sine berekningar av belegg.


17.08.2017

Kvifor må mangfald leiast?

Og korleis kan prosessorientert skriving nyttast for å lære norsk? Dette var to av temaa vi utforska på årets kurs for lærarar og leiarar i norsk- og grunnskuleopplæring for vaksne.


06.06.2017

Symjeopplæring for nyankomne minoritetsspråklige elevar 2017

Departementet har tildelt 10 mill. kroner (400 000 kroner for Sogn og Fjordane) for å stimulere kommunane til å gjere ein ekstra innsats retta mot nyankomne minoritetsspråklege elevar sin symjedugleik.


31.03.2017

Læringsnettverk psykisk helse og opplæring

Jobbar du med utsette barn og unge? Fylkesmannen vil òg i 2017 arrangere læringsnettverk om psykisk helse og opplæring hos utsette barn og unge. Den 5. september vil du få fagleg påfyll om inkludering og utanforskap.


03.03.2017

Samarbeidsmøte om integrering

Korleis kan vi få betre integrering og arbeidsdeltaking i fylket? I dag møttest representantar frå IMDi, UDI, KS, Nav, fylkeskommunen og Fylkesmannen til samarbeidsmøte på Statens hus i Leikanger.


15.12.2016

Hjelp til utsette barn og unge

Vi skal hjelpe kommunane til å hjelpe barn og unge som treng det. Fylkeslege Per Stensland og utdanningsdirektør John Ole Vange fortel korleis vi går fram


12.12.2016

Læringsnettverk – mindreårige asylsøkarar og flyktningar

Årets siste samling handla om skulen som sentral arena for å bygge ein meiningsfull kvardag, og hindringane traume kan legge i vegen for utsette barn og unge.


22.08.2016

Læringsnettverk - mindreårige asylsøkarar og flyktningar

Jobbar du med mindreårige asylsøkarar og flyktningar? På denne samlinga vil du få fagleg påfyll om landkunne og diskutere dei problemstillingane du møter i kvardagen. 


22.08.2016

Godtgjering for representantar

Den som er representant for ein einsleg mindreårig asylsøkjar etter reglane i utlendinglova har krav på godtgjering og dekning av utgifter. Nye retningslinjer for godtgjering og utgiftsdekking gjeld frå 01.07.2016.


12.08.2016

Aktiv læring - ein veg inn i samfunnet

Når du kan lese og skrive godt er du klar for livslang læring, men traume kan vere ei utfordring i læringa. I alt 110 lærarar frå norskopplæringa i fylket var denne veka samla for å lære meir om korleis dei møter ungdom med flyktningbakgrunn og gjev dei grunnleggande ferdigheiter.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel