Apostillestempel på dokument

For at eit norsk dokument skal vere gyldig i utlandet, må det ha eit apostillestempel. Apostillestempelet stadfestar ikkje at innhaldet i dokumentet er riktig, men det stadfestar at signaturen til notarius publicus er ekte. Dette blir kalla legalisering. Det er Fylkesmannen som legaliserer dokument for bruk i utlandet, det vil seie for dokument som skal brukast i dei landa som har slutta seg til apostillekonvensjonen. 

Før eit dokument kan få apostillestempel, må det først vere notarialstadfesta, det vil seie signert av ein notarius publicus (embetsmann som står for visse offentlege rettslege handlingar) og stempla med institusjonens embetsstempel (ofte eit løvestempel). Det er viktig at namn og tittel er skrivne tydeleg, anten med trykte bokstavar eller blokkbokstavar under signaturen.

Dokument som er skrivne eller stadfesta av statsautoriserte translatørar, må ha notarialstadfesting. Det same gjeld dokument som er skrivne av andre private yrkesutøvarar med autoriasjon frå det offentlege, til dømes advokatar, helsepersonell og revisorar. 

Utanriksdepartementet (UD) har ei oppdatert liste over landa som har slutta seg til apostillekonvensjonen. UD har også informasjon om dokument som skal brukast i land som ikkje har slutta seg til konvensjonen. Dokument som skal brukast i Norden, treng ikkje apostillestempel. Her held det med ei notarialstadfesting.

Vis meir

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har kontor i Leikanger og i Førde. Du kan få apostillestempel begge desse stadene.

Dette er ei teneste vi vanlegvis utfører på dagen, men av og til må du som skal ha apostillestempel vente til neste yrkedag. Dersom det hastar eller du har lang reisetid, ta gjerne kontakt og avtal tidspunkt.


24.04.2018

Apostillestempel på dokument

Torsdag 26. og fredag 27. april vil det ikkje vere mogleg å få apostille på Statens hus i Leikanger, eller på kontoret vårt i Førde.


01.12.2017

Apostillestempel på dokument

Måndag 4. og tysdag 5. desember vil det ikkje vere mogleg å få apostille på kontoret på Statens hus, Leikanger. 



Kontaktpersonar