Folk og samfunn

Som innbyggjar vil du komme i kontakt med Fylkesmannen i ulike situasjonar. På ein del område er Fylkesmannen den første offentlege instansen du møter, på andre område er Fylkesmannen klageinstans for vedtak som er gjorde av andre.


16.10.2018

Innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i kommunane

Universitetet i Bergen har i samarbeid med Fylkesmannen utvikla eit innføringskurs i forvaltningsrett berekna for tilsette i kommunane. Dette er ein pilot, eksklusivt for kommunane i Sogn og Fjordane.


05.10.2018

Kongens fortenestemedalje til Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich

Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich fekk tildelt Kongens fortenestemedalje på premieren til Opera Nordfjord si 20-års jubileumsforestilling i Operahuset i Nordfjord 3. oktober. Ordførar i Eid kommune sytte for ei verdig utdeling av medaljane.


28.08.2018

Kongens fortenestemedalje til Dag Fosstvedt

Dag Fosstvedt fekk tildelt Kongens fortenestemedalje og diplom under NM på Byrkjelo 18. august. Medalje og diplom vart utdelt av varaordførar i Gloppen, Magni Aa Berge.


13.07.2018

Slutt på barneekteskap i Noreg

Ungdommar mellom 16 og 18 år som har ønskt å gifte seg har tidlegare kunne søkt Fylkesmannen om dispensasjon frå alderskravet i ekteskapslova. Dette er det no slutt på. 


10.07.2018

Kalvåg får status som typisk turiststad om sommaren

Fylkesmannen har bestemt at Kalvåg i Bremanger kommune får status som typisk turiststad i perioden 1. juni til 31. august. Det betyr at utsalsstadar i Kalvåg kan holde ope på søndagar og helgedagar i denne perioden.


09.07.2018

Dronning Sonja deltok på jubileumsmarkering på Selja

H.M. Dronning Sonja deltok i går på markeringa av 950-årsjubileumet til Bjørgvin bispedøme, og opna Kystpilgrimsleia på Selja - Noregs eldste pilgrimsstad. 


24.04.2018

Apostillestempel på dokument

Torsdag 26. og fredag 27. april vil det ikkje vere mogleg å få apostille på Statens hus i Leikanger, eller på kontoret vårt i Førde.


12.03.2018

Tilskot til private kyrkjebygg 2018

Fristen for å sende søknad til Kulturdepartementet om tilskot til privateigde kyrkjebygg er sett til 15. juni 2018.


01.03.2018

Sognefjorden Vel har klagerett i sak om Leikanger kraftverk

Miljødirektoratet har bestemt at miljøorganisasjonen Sognefjorden Vel har klagerett i to saker som gjeld utsleppsløyve for Leikanger kraftverk. Fylkesmannen har teke avgjerda til etterretning og vil handsame sakene på nytt.

 


13.02.2018

Tilskot til trus- og livssynssamfunn 2018

Frist for å sende inn krav er 1. mars 2018.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel