Lovendring for å stoppe mobbing

Frå 1. august blir det endringar i regelverket om skulemiljø. Elevar og foreldre som meiner skulen ikkje gjer nok for å stanse mobbing, kan ta kontakt med Fylkesmannen.

– I utdanningsavdelinga er vi fleire personar som skal jobbe med desse sakene. Dei som treng oss kan ringe 57 64 30 00 og spørje etter dei som jobbar med mobbesaker, så vert dei sett over til nkokon som kan hjelpe, seier utdanningsdirektør John Ole Vange.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Fylkesmannen.

Sei frå til rektor først
Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til rektor. Rektor skal ta deg på alvor og skulen må undersøke det som har skjedd. Dei vaksne på skulen skal gjere alt dei kan for å hjelpe deg. Skulen skal ta tak i saka di innan det har gått ei veke. Deretter skal skulen lage ein skriftleg plan for korleis dei skal hjelpe deg. Du kan vere med på å lage planen om du ønskjer det

Sei frå til Fylkesmannen viss skulen ikkje gjer nok
Viss skulen brukar meir enn ei veke på å gjere noko med saka, kan du kontakte oss hjå Fylkesmannen. Det same gjeld viss du føler at skulen ikkje tek deg på alvor. Vi som jobbar hjå Fylkesmannen skal først finne ut om skulen har gjort jobben sin. Etter det kan vi bestemme kva skulen skal gjere for at du skal få ein trygg og god skulekvardag.

Kva skjer når du tar kontakt med Fylkesmannen?
Når du tar kontakt med Fylkesmannen, får du snakke med ein av medarbeidarane våre. I den samtalen får du fortelje om dei problemstillingane du ønsker å ta opp, og du vil få rettleiing og informasjon om korleis saka blir behandla vidare.

Meir om lovendringa og kontaktinformasjon til utdanningsavdelinga