Elevar med dysleksi kan få fritak frå framandspråk

Illustrasjonsfoto skuleelev
Illustrasjonsfoto skuleelev (Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane / Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Fylkesmannen har fått ansvaret for ei ny dispensasjonsordning om fritak frå vurdering med karakter i framandspråk i vidaregåande skule.

Elevar på studieførebuande utdanningsprogram kan søkje om dispensasjon frå vurdering med karakterar i framandspråk, med unntak av engelsk. For å kunne få fritak må eleven vere så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar, at individuell tilrettelegging ikkje er tilstrekkeleg for å sikre likeverdig opplæring.

Eleven må kunne dokumentere at han/ho har dysleksi eller spesifikke språkvanskar. I tillegg må den vidaregåande skulen stadfeste at det ikkje er tilstrekkeleg med individuell tilrettelegging for å sikre likeverdig opplæring.

Eleven søkjer sjølv om dispensasjon rett til Fylkesmannen, og må leggje ved dokumentasjon som viser at dei to vilkåra for dispensasjon er oppfylt. Bruk gjerne vårt elektroniske meldeskjema for å sende inn søknad, sjå lenke i høgre marg. Les meir om bruken av skjemaet.

Dei som får fritak, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter. Eleven får ikkje dispensasjon frå opplæring i framandspråk. Kontakt Fylkesmannen for meir informasjon.