Grunnskule og vidaregåande opplæring

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar, mens fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa på vidaregåande nivå. Også godkjende private skular kan tilby grunnopplæring.

Fylkesmannen har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Fylkesmannen rettleier fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og friskulelova. Fylkesmannen skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Fylkesmannen. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til fylkesmannen

Fylkesmannen behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Fylkesmannen for endeleg behandling.

 

Vis meir


23.08.2018

Karakterstatistikk for grunnskulen 2018

Resultata for elevane som gjekk ut av 10. trinn våren 2018, er offentleggjorde. Avgangselevane i år fekk betre karakterar enn dei som gjekk ut i fjor.


21.08.2018

Erfaringar frå eksamen i grunskulen 2018

Oppmannsrapportane i faga engelsk, matematikk og norsk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2018 er no publiserte. Rapportane gjeld for eksamensregion Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal.


21.08.2018

Stor interesse for eit inkluderande barnehage- og skulemiljø

Mange kommunar i fylket er med i Utdanningsdirektoratets prosjekt «Inkluderande barnehage- og skulemiljø». I Førde og Sogndal var 1400 barnehage- og skuletilsette samla til kompetanseheving innanfor temaet ved oppstart av nytt skuleår. Tove Flack frå Nasjonalt senter for Læringsmiljø og  Atferdsforskning (UiS) hadde det faglege ansvaret begge stader.


05.07.2018

Førebelse eksamenskarakterar

Det er jamt over gode resultat på eksamen i grunnskulen våren 2018 og i matematikk og norsk hovudmål er det framgang frå i fjor.


11.04.2018

Dronning Sonjas skolepris 2018

Fylkesmannen skal nominere inntil to skular som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering. Kandidatane kan vere frå heile grunnopplæringa.


22.03.2018

Sogn og Fjordane lærarstemne 2018

Nye læreplanar og språkopplæring vert hovudtema i Sogndal 20. april.


16.03.2018

Stor satsing på barnehage- og skulemiljø

Heile 17 kommunar i fylket mobiliserer for trygge og gode barnehagar og skular. Prosjektet skal vare til hausten 2019.


28.02.2018

Lærarnorm

Frå og med skuleåret 2018-19 vert det innført ei norm for lærartettheit på skulenivå.
Målet er at frå hausten skal gruppestorleik 2 vere 16 elevar på 1.-4. trinn og 21 på 5.-7. trinn og 8.-10. trinn. Frå hausten 2019 er talet 15 og 20 elevar pr. gruppe. Meir informasjon om lærarnorma finn du på Kunnskapsdepartementet sine nettsider.


19.01.2018

Utdanningsdirektoratet tek over leirskuletilskot

Kommunane vil i løpet av våren få ein førespurnad frå Utdanningsdirektoratet om leirskuledeltakinga er gjennomført likt det som blei registrert i Grunnskolens Informasjonssystem (GSI).


11.01.2018

Auke i meldingar om skulemiljø

Frå 1. august 2017 kan elevar melde mobbesaker direkte til Fylkesmannen. Ved årsskiftet hadde vi ferdigbehandla 12 saker. Dei fleste av meldingane gjeld ikkje systematisk mobbing over tid.


Fleire nyhende