Barnehage og opplæring

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Kommunane har plikt til å tilby plass i barnehage til barn som fyller eitt år før 1. desember det året foreldra søkjer om opptak, dersom barnet er busett i kommunen. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Ungdom mellom 16 og 19 år har rett til offentleg finansiert vidaregåande opplæring. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for opplæring på vidaregåande skule.

Fylkesmannen gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Fylkesmannen skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Fylkesmannen er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Fylkesmannen har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir


10.08.2018

Skulen skal delta i kommunalt tverrfagleg arbeid

Stortinget har vedteke ei plikt i opplæringslova og friskulelova for skulen til å samarbeide med kommunale tenestetilbydarar fleirfagleg vurdering og oppfølging av elevar med spesielle vanskar.


30.07.2018

Tilskot til leirskuleopplæring - rapporterast i GSI

Kommunane skal frå hausten 2018 registrere leirskuleopphald i samband med rapportering i GSI. Dette dannar grunnlaget for tildeling av tilskot til leirskuleopplæring.


05.07.2018

Førebelse eksamenskarakterar

Det er jamt over gode resultat på eksamen i grunnskulen våren 2018 og i matematikk og norsk hovudmål er det framgang frå i fjor.


30.05.2018

Ditt eige val

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) gjennomfører no ei kampanje på sosiale medium retta mot minoritetsungdom for å fremje merksemd om negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. 


16.05.2018

Bruk av politi i barnevernsinstitusjon

Nokre barn vi snakkar med fortel at kontakt med politi kan opplevast skremmande og inngripande.


02.05.2018

Leiarkonferansen 2018: Tar du sjansen på tillit?

- Ein god leiar investerer tid i medarbeidarane sine og gir dei tillit, fordi tillit fungerer, sa Bård Kuvaas under Leiarkonferansen for barnehage og skule i Sogn og Fjordane.


17.04.2018

Tilskot til symjeopplæring for nyankomne minoritetsspråklige elevar 2018

Departementet har sett av midlar for å for å gje nykomne minoritetsspråklege elevar symjeopplæring.


11.04.2018

Dronning Sonjas skolepris 2018

Fylkesmannen skal nominere inntil to skular som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering. Kandidatane kan vere frå heile grunnopplæringa.


04.04.2018

Endring i forvaltning av tilskot til barn og unge som søker opphald

Frå hausten skal kommunane og fylkeskommunen berre søke Fylkesmannen om tilskot for barn mellom 16-18 år. For barn mellom 6-15 år vil kommunane automatisk få tildelt tilskot basert på Utlendingsdirektoratet sine berekningar av belegg.


26.03.2018

Utlysing av kompetansemidlar

Det nasjonale prøveprosjektet med kompetansemidlar til ikkje-kommunale barnehageeigarar vert vidareført i 2018.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel