Barn og foreldre

Barn og ungdom skal sikrast gode og trygge oppvekst- og levekår. Vi har fleire lover som sikrar det offentlege innverknad til beste for barna. I det daglege er det kommunen som skal sørgje for dette, men også fleire statlege styresmakter har oppgåver knytte til forholdet mellom barn og foreldre. 


21.08.2018

Erfaringar frå eksamen i grunskulen 2018

Oppmannsrapportane i faga engelsk, matematikk og norsk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2018 er no publiserte. Rapportane gjeld for eksamensregion Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal.


21.08.2018

Stor interesse for eit inkluderande barnehage- og skulemiljø

Mange kommunar i fylket er med i Utdanningsdirektoratets prosjekt «Inkluderande barnehage- og skulemiljø». I Førde og Sogndal var 1400 barnehage- og skuletilsette samla til kompetanseheving innanfor temaet ved oppstart av nytt skuleår. Tove Flack frå Nasjonalt senter for Læringsmiljø og  Atferdsforskning (UiS) hadde det faglege ansvaret begge stader.


16.08.2018

Samling for lærarar i norsk og grunnskule for vaksne

Korleis kan digitale verktøy knyte praksis og klasserom saman? Dette var ein inngang til dei tre temaa arbeidsretting, tilpassing og karrierelæring.


10.08.2018

Skulen skal delta i kommunalt tverrfagleg arbeid

Stortinget har vedteke ei plikt i opplæringslova og friskulelova for skulen til å samarbeide med kommunale tenestetilbydarar fleirfagleg vurdering og oppfølging av elevar med spesielle vanskar.


30.07.2018

Tilskot til leirskuleopplæring - rapporterast i GSI

Kommunane skal frå hausten 2018 registrere leirskuleopphald i samband med rapportering i GSI. Dette dannar grunnlaget for tildeling av tilskot til leirskuleopplæring.


27.07.2018

Tydeleggjering av opplysningsplikta til barnevernet

Fleire må melde frå til barnevernet når barn og unge kan vere utsette for alvorleg omsorgssvikt. 


27.07.2018

Endringar i barnevernlova frå 1. juli

Lovendringane bygger på forslaget frå NOU 2016:16 Ny barnevernslov Sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse. Lova gjev barn rett til tenester, barnets rett til medverknad er styrka og kjærleik er teke inn i lovteksten.


05.07.2018

Førebelse eksamenskarakterar

Det er jamt over gode resultat på eksamen i grunnskulen våren 2018 og i matematikk og norsk hovudmål er det framgang frå i fjor.


04.07.2018

Barnevernskonferansen 2018

Konferansen vil i år ta opp ulike tema som samarbeid mellom kommunalt barnevern og fosterforeldre, barnevernfaglege vurderingar og kompetansebehov i kommunalt barnevern.


20.06.2018

Informasjon og oppstart av læringsnettverk for barnevern

Vi inviterer alle kommunane i Sogn og Fjordane til informasjonsmøte og oppstartsseminar om læringsnettverket for dei kommunale barnevernstenestene. 


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel