Tilsyn med Sogn og Fjordane fylkeskommune etter opplæringslova

Felles nasjonalt tilsyn 2014-17 handlar om elevane sitt utbytte av opplæringa.

Felles nasjonalt tilsyn 2014-17 består av tre område for tilsyn: skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa, forvaltningskompetanse og skulebasert vurdering. Utdanningsdirektoratet har utarbeidd rettleiingsmateriell til tilsynet, og Fylkesmannen har gjennomført informasjons- og rettleiingssamlingar.

Dale vidaregåande skule
Varsel om tilsyn gjeld i dette tilfellet skulebasert vurdering, jf. forskrift til opplæringslova § 2-1.

Skulebasert vurdering vil seie at skulen jamleg vurderer si eiga verksemd og måloppnåing.

Vurdering av eiga verksemd inneber at skulen skal vurdere organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa.

Vi vil i løpet av tilsynet vurdere om vi skal utvide tilsynet og kontrollere om skuleeigaren har eit forsvarleg system innanfor dei krava som tilsynet omfattar.

Dato:
21. november
Stad:
Dale vidaregåande skule
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Helge Pedersen
Målgruppe:
Sogn og Fjordane fylkeskommune