Tilsyn med Lærdal kommune etter opplæringslova

Felles nasjonalt tilsyn 2014-17 handlar om elevane sitt utbytte av opplæringa.

Felles nasjonalt tilsyn 2014-17 består av tre område for tilsyn: skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa, forvaltningskompetanse og skulebasert vurdering. Utdanningsdirektoratet har utarbeidd rettleiingsmateriell til tilsynet, og Fylkesmannen har gjennomført informasjons- og rettleiingssamlingar.

Lærdalsøyri skule
Varsel om tilsyn gjeld i dette tilfellet skulens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova kapittel 1, 2 og 5 og forskrift til opplæringslova kapittel 1 og 3.

Hovudpunkt i tilsynet vil vere:

• Skulens arbeid med opplæring i fag
• Undervegsvurdering for å auke elevane sitt læringsutbytte
• Undervegsvurdering som grunnlag for tilpassa opplæring eller spesialundervisning
• Vurdering av behov for særskild språkopplæring

Vi vil i løpet av tilsynet vurdere om vi skal utvide tilsynet og kontrollere om skuleeigaren har eit forsvarleg system innanfor dei krava som tilsynet omfattar.

Borgund skule
Varsel om tilsyn gjeld i dette tilfellet skulebasert vurdering, jf. forskrift til opplæringslova § 2-1.

Skulebasert vurdering vil seie at skulen jamleg vurderer si eiga verksemd og måloppnåing.

Vurdering av eiga verksemd inneber at skulen skal vurdere organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa. 

Vi vil i løpet av tilsynet vurdere om vi skal utvide tilsynet og kontrollere om skuleeigaren har eit forsvarleg system innanfor dei krava som tilsynet omfattar.

Dato:
4. oktober - 5. oktober
Stad:
Lærdalsøyri skule og Borgund skule
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Magne-Bjarte Hatlem
Målgruppe:
Kommunen

Kontaktpersonar