Framlegg om Tingastad naturreservat på høyring


Høyringsfrist 05.juli 2018 12:00

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sendt eit framlegg om oppretting av Tingastad naturreservat i Sogndal kommune på høyring. 

Bakgrunnen for framlegget om vern er dei store naturverdiane i området, som er vurdert til å liggje i overgangen mellom A (nasjonalt viktig) og B (regionalt viktig. Høgast verdi får området for liten påverknad og for stor mengde daud ved.

Verneprosessen følgjer prosedyren for frivillig vern av skog. Framlegget gjeld gnr/bnr 108/2 som Miljødirektoratet eig etter at dei kjøpte eigedomen frå Statskog med tanke på vern som naturreservat. Den nedlagde garden Tingastad (gnr/bnr 108/1) er ikkje med i området som er planlagd som naturreservat.

Alle som ønskjer det kan kome med fråsegn til framlegget. Frist for å kome med fråsegn er 5.07.2018.

Frå stien ned til den nedlagde garden Tingastad. Foto: Tom Dybwad