Endring av grenser for Flostranda naturreservat


Høyringsfrist 25.juni 2018 12:00

Fylkesmannen kjem med framlegg om å endre grensene for Flostranda naturreservat som følgje av vedtekne planar om bygging av ny Fv 722 med tunnel til Flo. Endringane gjeld både reduksjon og utviding.

  1. oppstart om verneprosess etter prosedyren for frivillig vern for utviding av Flostranda naturreservat i Stryn kommune i Sogn og Fjordane (ca. 35 dekar).
    Frist for å kome med innspel til oppstartmeldinga om utviding er sett til 25. mai 2018. Fylkesmannen vil så utarbeide eit framlegg om utviding som så vil bli sendt på høyring.

  2. framlegg om grenseendring med reduksjon av Flostranda naturreservat. Reduksjonen gjeld ca. 10 dekar i grensa mot Veslebygda som følgje av vedteken plan for ny Fylkesveg 722 med tunnelmunning til bygda Flo. Frist for å kome med fråsegn framlegget om reduksjon av naturreservatet er sett til 25. juni 2018. Fylkesmannen vil på bakgrunn av høyringsfråsegnene gi si tilråding til Miljødirektoratet.

Flostranda naturreservat og Fv 722. Foto: Tom Dybwad