Nytt og betre Fylkesatlas!

Tysdag 5. mai lanserte Fylkesmannen og fylkeskommunen eit nytt og betre Fylkesatlas!

Den nye utgåva av Fylkesatlas vonar vi er meir brukarvennleg og har fleire, nye moglegheiter for brukarane:

  • Du kan søke på adresser, stadnamn, innhaldet (tema) og gards- og bruksnummer.
  • Fylkesatlas er kopla mot matrikkelen, med ulike tilgangar.
  • Du kan legge inn eigne data i ulike format.
  • Flyfoto frå ulike år er no ein del av Norge i bilder bakgrunnskartet.
  • Du kan finne fram til koordinatar i ulike koordinatsystem.
  • Det er mogleg å legge inn eigne data, til dømes ei teneste (wms) eller gpx-fil frå ein gps. 

Denne utgåva av Fylkesatlas er tilpassa bruk på nettbrett. Du kan lese meir om dette på Informasjonssida til Fylkesatlas.

Send tilbakemeldingar til drift Fylkesatlas.

Du kan også følgje Fylkesatlas på Facebook.

Tone R. Knutsen og Jo Tore Kristoffersen lanserer nytt Fylkesatlas 5. mai 2015.

Tone R. Knutsen og Jo Tore Kristoffersen lanserer nytt Fylkesatlas 5. mai 2015.

Frå venstre: Tone R. Knutsen og Jo Tore Kristoffersen. Foto: Magne-Bjarte Hatlem/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Aktuelt

Kontaktpersonar:

Tone R. Knutsen
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Jo Tore Kristoffersen
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Drift Fylkesatlas