Sjumilsstegkonferansen 2018 - Klart vi kan

Dato:
14. mars - 15. mars
Stad:
Hotel Alexandra, Loen, Stryn
Ansvarleg:
Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Høgskulen på Vestlandet, NAV og Ungdomspolitisk utval
Målgruppe:
Alle tilsette i kommunen som arbeider førebyggande for og med barn, rådmann, politikarar, politi, barn og unge og frivillige lag og organisasjonar
Påmeldingsfrist:
26.02.2018 23:00:00

Sjumilsstegsarbeidet skal legge til rette for at barn og unge blir ivaretekne frå helsestasjon til fullført utdanning. Med hjelp av barnekonvensjonen kan vi legge til rette for betre tverrfagleg samhandling slik at barn og unge får eit best mogleg oppvekstmiljø og utdanningsløp.

Konferansen vert streama via internett. Følg oss her.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane saman med Ungdomspolitisk utval, NAV, Høgskulen på Vestlandet og Fylkeskommunen inviterer til Sjumilsstegkonferansen 2018 - "Klart vi kan".

Programmet i år er innhaldsrikt og vil vere av interesse for alle som jobbar med og for barn i kommunar, frivillige organisasjonar og offentlege etatar.

Vi kan kort nemne at Barneombodet skal snakke om barnekonvensjonen, Forandringsfabrikken kjem med fleire av sine proffar, Unicef vil tematisere press og stress hjå barn og unge og Voksne for barn er med oss for å dele korleis dei arbeider. I tillegg har vi mange gode innlegg frå praksisfeltet i eige fylke. Vi har fått ei endring i programmet og er glade for at politiet vil seie noko om sitt prosjekt på den eine læringsverkstaden.

Nytt av året vil det bli framsyning av dokumentarfilmen "Maher midt i dalen", Maher kjem sjølv til konferansen og vil seie noko om sitt nye liv i Norge.

Konferansen er gratis, men deltakarane må sjølve betale for overnatting/dagpakke.

Prisar onsdag til torsdag:
Deltakar i enkelt medium rom                                                  kr            1840,-
Pr deltakar i dobbelt medium rom                                            kr            1750,-

Pris for ikkje buande deltakarar:
Dagmøtepakke onsdag                 kr            640,-
Dagmøtepakke torsdag                kr            570,-
Middagsbuffè                               kr            570,-

Dette kan du ikkje gå glipp av. Meld deg på i dag!

Avmeldingar etter 1. mars vil bli fakturert med kr 500,-

 Påmelding